Medaljedryss i KM
Hallingane reiste heim med 22 medaljar frå kretsmeisterskapet i langrenn på Konnerud.
Langrenn: KM i langrenn vart flytta frå Gravset til Konnerud fordi det var meldt sprengkulde i Hemsedal i helga.
Kuldefrykta viste seg å vera rett. Laurdag var det 19 minusgrader på Gravset og for kaldt til å arrangere skirenn. Sundag hadde temperaturen stige over kuldegrensa.
Artikkelen held fram under annonsen.
22 KM-medaljar
Hallingane gjorde eit solid innhogg på medaljefatet. Dei tok til saman 22 medaljar.
I klassiskrennet laurdag vart det to gull, fire sølv og fire bronse til løparar frå Hallingdal. I fristil sundag vart det tre gull, seks sølv og tre bronse.
Det er grunn til å nemne at i guteklassane er det vanskelegare å koma på pallen enn i dei fleste jenteklassane fordi det er større deltaking.
Jenter til topps
Alle gullvinnarane frå Hallingdal var jenter. Guro Jordheim (20) frå Hemsedal vart dobbeltvinnar i eldre junior.
Åsne Skrede (16) frå Geilo var eitt sekund frå å bli dobbeltvinnar. Ho tok eit klart KM-gull i fristil, men vart slått med eitt sekund i klassiskrennet og måtte nøye seg med sølv.
I 13-årsklassen gjorde hallingjentene reint bord. Gro Torsteinsrud, Fjellet tok gullet i klassisk med Geilo-jentene Synne Herheim og Anna Espeli på sølv og bronse.
Synne vann fristil med Anna og Gro på andre- og tredjeplass.
Medaljevinnarar
G19/20: Ola Jordheim, Hemsedal (sølv og bronse). Trym Fikke Halbjørhus, Hemsedal (sølv)
Artikkelen held fram under annonsen.
J 19/20: Guro Jordheim, Hemsedal (to gull). Gunn-Karoline Høgset, Ål (to sølv)
G-18: Emil Intelhus Brøto, Gol (sølv og bronse)
G-17: Kristen Mikkelsplass, Bromma (sølv). Bjørnar Stensrud Tyribakken, Nesbyen (sølv)
J-16: Åsne Skrede, Geilo (gull og sølv)
G-15: Kasper Herland, Hemsedal (sølv)
J-15: Mari Torsteinsrud, Fjellet (sølv). Vilde Kverndal Veslegard (bronse)
G-14: Halvor Nordhagen, Bromma (sølv)
J-13: Synne Herheim, Geilo (gull og sølv). Gro Torsteinsrud, Fjellet (gull og bronse). Anna Espeli, Geilo (sølv og bronse)