Marie Utheim Svela frå Figgjo tok to fyrste- og ein andreplass i J-16 og fekk Hans Jørgen Tveitos minnepremie. Her er ho klar for fyrste skyting på fellesstarten sundag.

Marie var seks sekund frå å gjere reint bord på Liatoppen

Marie Utheim Svela (16) frå Figgjo vann både stafetten og sprinten, men vart slått med seks sekund av svenske Emma Larsson på fellesstarten og måtte nøye seg med andreplass.

Det vart nesten reint bord for den blide sørlandsjenta i sitt siste renn før ho tek steget opp i juniorklassen og må gå med gevær og skyte ståande.

Fellesstart Gutar-16. Emil Meås, Kvikne (578) tok teten ut frå start med vinnaren Tobit Keller, Sveits (573) like bak.

— Kjempefornøgd

Fredag gjekk Marie siste etappe på vinnarlaget til Figgjo. Laurdag vann ho sprinten og fekk Hans Jørgen Tveitos minnepremie, og sundag var ho fattige seks sekund frå å vinne fellesstarten i J-16.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg er kjempefornøgd sjølv om det vart ein bom for mykje til å vinne i dag, sa Marie etter målpassering.

Skiskyttarfestivalen med 950 deltakarar i alderen 9—16 år vart avslutta med fellesstart sundag. Sjølv om det var tøffe vindkast i blant, var det fine forhold alle dagane.

Marie Utheim Svela frå Figgjo t.v. tok to fyrsteplassar og ein andreplass i J-16. Ho vart slått av svenske Emma Larssom frå Mora på fellesstarten. Her blir dei gratulert av leiaren av stormønstringa, Nils Veslegard.

— Alt gjekk på skjener

— Det var litt snøfokk sundag morgon etter nysnøen som kom. Men elles var det fine konkurranseforhold alle dagane. Alt har gått på skjener, oppsummerte leiar i organisajonskommiteen, Nils Veslegard, då siste løparen var i mål sundag ettermiddag.

Det var mange utlendingar i toppen i 15- og 16-årsklassane. Dei avslutta IBU-campen på Geilo med å konkurrere på Liatoppen.

I 16-årsklassen for gutar vann Tristan Thrasher frå USA sprinten laurdag og fekk Hans Jørgen Tveitos minnepremie. Sundag var det sveitsaren Tobit Keller som trekte lengste strået på fellesstarten.

Tristan Thrasher frå USA vann sprinten i G-16 og fekk Hans Jørgen Tveitos minnepremie under premieseremonien i Ål kulturhus.
Fellesstart Gutar-16: Sveits, Byåsen og USA. Tobit Keller frå Sveits t.v. slo Linus Stjern Strand frå Byåsen (580) i spurten. Aidan Sands frå USA t.v. tok 3. plassen.

Tre pallplassar til Geilo

Det vart ingen lokale klassevinnarar i årets skiskyttarfestival, men tre pallplasseringar til Geilo.

Oda Øyo Simonsen tok ein sterk andreplass i fellesstarten for J-14 sundag. Klubbkameraten Vetle Nordby Endrestøl vart nummer tre laurdag og to sundag i G-11.

Med 60—70 deltakarar i klassar skal det stemme både på standplass og i løypa for å hevde seg i verdas største skiskyttarrenn for gutar og jenter. Og «vinden mellom øyro» er vel så viktig å takle som den som kjem i lufta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sprintvinnar Tristan Trasher frå USA låg på skive ein, men måtte nøye seg med 6. plass på fellesstarten i G-16.