Målvakt med målteft
Ungdomen slo seniorane i jamspelt finale.
Fotball: Proff-puljen i julecupen i Nesbyen baud på jamspelt finale. Aktive HFK-spelarar møtte tidlegare lagkameratar.
Simen Renslo i dagens HFK-stall, er vant til ei meir offensiv rolle som spiss eller midtbane. Under julecupen var han sett til å vakte målet for eit reint nesningslag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Keeper med målteft
Keeperen sin målteft vart avgjerande mot tidlegare HFK-spelarar. Etter ordinær tid, stod det 0–0 på poengtavla. Laga måtte ut i korte ekstraomgangar, med éin spelar mindre på banen for kvar omgang. I siste minutt var det berre fire att på banen. Då dribla Renslo seg fri og sette inn 1–0.
– Herleg revansj
– Me vann for fire år sidan med nesten det same laget, men i fjor rauk me ut tidleg ut av cupen. Det var herleg å vinne. Det er mykje prestisje på spel i ein slik kamp, seier matchvinnaren.
– Blir de høge på pæra?
– Det skal du ikkje sjå bort frå.