Olav Gullstein var godt fornøgd med sitt fyrste Barnas Skarverenn. Han gleder seg alt til neste år.
Olav Gullstein var godt fornøgd med sitt fyrste Barnas Skarverenn. Han gleder seg alt til neste år.

Livat på 10 års jubileum

Det vart som vanleg fest då Geilo skole og Geilo Idrettslag samla 600 born, foreldre, lærarar og sysken til Skarverennsfest ved Geilohallen.

Det vart i tillegg grundig feira at det var det tiande rennet i rekkja.

Barnas Skarverenn har dei siste åra vore eit av vinterens høgdepunkt for borna i Hol, men også for fleire utanom kommunen. Det var Geilo skole som tok initiativ til rennet for ti år sidan, og undervegs har det utvikla seg til å verte stadig større. Geilo idrettslag har sjølvsagt vore med og støtte opp om Skarverennets veslebror heile vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny rekord

I år vart det sett ny deltakarrekord med over 600 born på startstreken fordelt på tre distansar. Deltakarane kunne melde om sugande føre, men ingen mista motet på det våte føre.

– Det er nøydd til å verte litt kaos, men det er jo ein del av moroa, uttalte ordførar og speaker Tony Kjøl før rennet.

Som spådd vart det litt trafikkork i fyrste bakken, men som dei fleste borna påpeikte var dei ikkje der for å rase igjennom løypa. Det viktigaste var å kose seg på tur.

Litt kaos blir det når 600 born med hjelparar skal gjennom same løype.
Litt kaos blir det når 600 born med hjelparar skal gjennom same løype.
Sjølvsagt var det også i år opningsseremoni. Velkommen til Barnas Skarverenn 10 års jubileum, og ikkje et gul snø, var noko av bodskapen.
Sjølvsagt var det også i år opningsseremoni. Velkommen til Barnas Skarverenn 10 års jubileum, og ikkje et gul snø, var noko av bodskapen.
Tara Michell Tufto og Sirena Alexandra Tufto stod i kø framfor smørebua til elevane ved NTG. Rein klister var einaste som dugde denne dagen.
Tara Michell Tufto og Sirena Alexandra Tufto stod i kø framfor smørebua til elevane ved NTG. Rein klister var einaste som dugde denne dagen.
Ingenting blir gjort halvvegs når det er Skarverenn. Oppvarming og ein siste matbit er viktig, meiner Sarah Maria Sørbø frå Sando.
Ingenting blir gjort halvvegs når det er Skarverenn. Oppvarming og ein siste matbit er viktig, meiner Sarah Maria Sørbø frå Sando.
Skurdalen og Dagali oppvekstsenter har delteke alle dei ti åra det har vore Barnas Skarverenn.
Skurdalen og Dagali oppvekstsenter har delteke alle dei ti åra det har vore Barnas Skarverenn.

Autentisk

Skal det vere Skarverenn, så skal det vere Skarverenn. Deltakarposar, uthenting av startnummer, løypeguidar, smørehjelp, stakkedamer som tek imot deltakarane og gjer dei pins – alt er som det skal vere på eit ekte Skarverenn.

– Det skal vere akkurat som på Skarverennet, det er veldig viktig, meiner Rigmor Grue Rygg som var ein av stakkedamene som saman med eit stort publikum venta på at deltakarane skulle gå i mål.

Nok snø

Olav Gullstein som går i fyrsteklasse på Geilo skole, var ein av dei fyrste som kom i mål.

Han var ikkje sliten trass i at han hadde halde eit høgt tempo gjennom løypa. Han var veldig fornøgd med sitt fyrste Barnas Skarverenn og gleda seg alt til neste år.

Korkje Olav eller nokon av dei andre borna Hallingdølen prata med hadde noko å utsetje på snøforholda, det var det berre dei vaksne som bekymra seg for.

Artikkelen held fram under annonsen.

I smørebua som der NTG-elevar hjelpte til, var smøretipset krystallklart – rein klister. Det funkar.