Kom til finalen
Sondre Evjen var nær sin fyrst siger under EM-runden i Belgia.
Rallycross: Sondre Evjen hadde som mål å revansjere den vanskelege EM-debuten på Hockenheimbanen sist helg då han stilte til start i Belgia.
I Mettet var han nær å oppnå fleire av hovudmåla for sesongen. Han køyrde fort i dei innleiande omgangane, vann semifinalen og starta frå fyrste rad i finalen. I finalen i RX-Lites-klassen såg det lenge ut som om duellen skulle stå mellom svenske Thomas Bryntesson og 18-åringen frå Ål. Evjen gjekk fyrst i alternativsporet, men bak kom ein konkurrent.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg veit ikkje om eg kunne slått Thomas i dag, men andreplassen var uansett min. Men så vart eg påkøyrd av ein konkurrent, og fekk øydelagt bilen. Eg klart å komme meg i mål på ein fjerdeplass, men det var surt det som skjedde, seier Evjen til Norges Motorsportforbund.
Trass i at sigeren glapp, nådde han eitt mål, å ta seg til finalen i ein EM-runde. Neste løp går på Lydden Hill om to veker.
– Målet var finale, og det klarte me. Og eg hadde blitt nummer ein eller to utan påkøyrselen, veit eg ikkje. Eg kan ikkje vere noko anna enn fornøgd med det. No bretter me opp erma, og gjer oss klare for det neste løpet på Lydden, seier han.