Knuste motstandaren
Måndag kveld var det Caroline Karlsen sin tur til å kjempe i «buret». Ho knuste motstandaren sin lett.
Måndagskvelden synte Viasat 4 episode 2 av serien «Norges Beste Fighter». Caroline Karlsen (24) frå Hemsedal er ein av deltakarane som kjempar om å bli Norges beste slåstkjempe. I måndagens episode vann laget hennar ein vekeskonkurranse. Då fekk dei sjølve plukke ut ein frå laget til å gå kveldens kamp – og plukke motstandar frå taparlaget.
Sprang vekk
Vekeskonkurransen innebar å springe 700 meter – oppover. Med tung stein i sekken. Dei 15 deltakarane på dei to laga gav alt, og berre eit sekund skilte vinnarlaget frå taparlaget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Caroline på vinnarlaget stilte til kamp – og plukka seg ut Anne Line Hogstad. 24-åringen frå Horten trenar Sports Jiu Jitsu. Tidlegare snøbrettkøyrar Caroline trenar submission wrestling og thai-boksing og har gått proffkampar i Thailand. Elles studerer ho til lærar.
I fyrste runde av det TV-sjåarane fekk sjå av kampen, såg det tilsynelatande ut som om jentene var jamgode. I andre runde derimot var det heilt klart Caroline som var mest pågåande og fekk mellom anna inn mange gode spark. Mot slutten av runden sprang faktisk Hogstad unna når Caroline nærma seg. Det synte ingen god fighter-spirit, og Caroline vann kampen. Ho er med vidare i serien.
Ikkje lov i Norge
Reglane under «Norges Beste Fighter» er inspirert av kampsporten MMA, Mixed Martial Arts, som det ikkje er lovleg å sette opp kampar i her i Norge.
Utøvarane i TV-serien er frå forskjellige kampsportar, mellom anna boksing, karate, taekwondo, judo, kickboksing, muay thai og jujitsu. I kvar episode skal to deltakarar slåst. Gutane konkurrerer i 75 kilos klassen, damene i 55 kilos klassen. Taparen ryk ut. Til slutt skal det stå att to deltakarar; Norges beste kvinnelege og Norges beste mannlege fighter. Fyrstepremien i serien «Norges beste fighter» er 250.000 kroner. I tillegg får vinnarane ein proffkontrakt på 12 månader.
Serien er filma i Thailand.