Knall og fall i Stavanger
To Bøkko og éin Fagerli Rukke over ende på skøyteisen i Stavanger.
Skøyter: Skøyteeliten er samla i Stavanger for å gå norgescup på Sørmarka Arena. Løpet er kvalifiseringsstemne for verdscupen.
Første distansen var 1500 meter fredag ettermiddag. Med tida 1.47,49 vart Håvard Bøkko (Hol IL) nummer to, bak Sverre Lunde Pedersen (Fana IL), som sette banerekord på tida 1.46,32. Christoffer Fagerli Rukke (Hol IL) gjekk i mål som nummer ti, på tida 1.51,71.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mista fotfestet
Under fellesstarten fredag kveld, vart det dramatikk. I siste sving mista Bøkko fotfestet og gjekk over ende. Via putene på sidelina, vart han liggjande midt i banen og sjå siste del av feltet passere. Ifølgje kjelder på indre bane, fekk Bøkko nokre skrammer i ansiktet, men ingen alvorlege skader.
Det var berre ni som stilte til fellesstart. Hadde det vore fleire i feltet, kunne konsekvensane blitt styggare. På 5000 meter laurdag, vart Håvard Bøkko nummer to. Med tida 6.20,27 vann Sverre Lunde Pedersen distansen vel ni sekund framfor Bøkko.
Meir knall og fall
Laurdag vann Hege Bøkko 500 meter for med tida 39,12. Det er den raskaste 500 meteren for kvinner som er gjort på norsk is nokon sinne. Men i det andre 500 meterløpet, gjekk også Hege Bøkko over ende.
Same lagnad hadde Henrik Fagerli Rukke. Han vann fyrste 500 meter i menn junior med tida 35,97. Det andre løpet enda med knall og fall. Fagerli Rukke kom ikkje i mål.