Kleivdal til finalen
Stian Kleivdal var ein av ti finalistar under bigairkonkurransen i Mûnchengladbach.
Geilingen hadde verdscupdeltaking i Tyskland som eit mål då han starta sesongen i Nederland for nokre veker sidan.
Laurdag var han ein av tre norske køyrarar som gjekk vidare etter kvalifiseringa på føremiddagen. I finalen enda Kleivdal på tiandeplass med 52,75 poeng.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marcus Kleveland var i ein eigen klasse og vann med 191,75 poeng. Japanske Yuri Okubo vart nummer to med 168,5 poeng.
Fredag kveld vart Øystein Bråten nummer tre i freeskikonkurransen same stad.