Kleivdal til Arctic Challenge
Berre éin nordmann har fått invitasjon til Arctic Challenge.
Snøbrett: I starten av mars går Arctic Challenge (TAC) i Wyller i Oslo.
Konkurransen samlar normalt verdseliten i halfpipe, og vinterens utgåve er ikkje noko unntak. Berre dei 20 best ranka halfpipekøyrarane i verda får invitasjon dit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nummer 19
Roger Kleivdal er per no ranka som 19. best i verda, og er einaste nordmann inne på lista. Geilingen har køyrt i Wyllerpipen før og gjort sakene sine bra. Då verdsmeisterskapen gjekk der sist vinter, var han eitt fattig poeng frå finaleplass.
På lista over inviterte er det verdsstjerner som Iouri Podlatchikov (Sveits), Louie Vito (USA) og Matt Ladley (USA), og fleire av finalistane frå Oslo-VM. Den aller største halfpipestjerna toppar rankinga, og amerikanske Shaun White vil vere favoritt om han dukkar opp. Det gjorde han ikkje i VM. Konkurransen går 5. mars, og i premiepotten er det 100.000 dollar.
Slik ser rankinglista ut:
Shaun White, USA, Iouri Podlatchikov, Sveits, Louie Vito, USA, Matt Ladley, USA, Ryo Aono, Japan, Christian Haller, Sveits, Danny Davis, USA, Benji Farrow, USA, Nathan Johnstone, Australia, Taku Hiraoka, Japan, Greg Bretz, USA, Markus Malin, Finland, Luke Mitriani, USA, Kohei Kudo, Japan, Janne Korpi, Finland, Zachary Black, USA, Scotty Lago, USA, Spencer Shaw, USA, Roger Kleivdal, Norge, Scott James, Australia