Stian Kleivdal vann billett til X-Games i Hafjell.
Stian Kleivdal vann billett til X-Games i Hafjell.

Kleivdal får draumen oppfylt

- Alle vil jo til X-Games. Det er det største ein kan oppleva, seier Stian Kleivdal etter vinnarsvevet i Trysil sist helg.

Snøbrett: Frå ein sjuandeplass i kvalifiseringa, overraska han seg sjølv og andre med å vinne finalen i bigair.

– Det har aldri vore så høge nivå på ein noregscupkonkurranse før. Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinne, seier Kleivdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I helga var dei beste brettkøyrarane i Norge samla for å kjempe om deltaking i X-Games i Hafjell. På førehand var Kleivdal ein outsider til sigeren, men geilingen hadde trent godt før bigairkonkurransen.

– Eg var i Trysil i halvannan veke før konkurransen og trente. Eit par dagar før sette eg frontside 1440 for fyrste gong, fortel han.

Det var trikset som sende han heilt til topps i konkurransen. Kombinert med at han tidlegare sette ein switch backside trippel slo han ut meir rutinerte karar som Ulrik Badertscher og Emil Ulsletten i finalen.

– X-Games blir det største eg har vore med på, seier Stian Kleivdal.
– X-Games blir det største eg har vore med på, seier Stian Kleivdal.

– Eg var litt usikker på om eg skulle gå for 1440 i finalen. Det vart ein lang heistur opp etter 1260’en, der eg var heilt i mi eiga boble. Så bestemte eg meg for å prøve.

Outsider

Resultatet vart X-Gamesbillett til konkurransen i Hafjell om halvannan månad.

– Det er heilt sjukt. Ulrik Badertscher landa ein 1620 og Emil Ulsletten landa ein 1440, han òg. Då trudde eg det var køyrt, men så var det ikkje det likevel.

Det har begynt å gå opp for han at draumen er sann. Han skal køyre sitt fyrste X-Games.

– Det er utruleg bra at det finns slike moglegheiter til å kvalifisere seg til å delta. Stort sett er det berre lister med inviterte køyrarar. Då blir det mange av dei same som får delta, og vanskeleg for oss som prøver å kome opp, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Wildcardet er eitt av to til norske brettkøyrarar, det andre tok Emil Ulsletten i slopestyle fredag.

– Eg har hatt X-Games som eit mål, men eg hadde ikkje heilt tru på at eg skulle kome med. Det blir ein stor bonus, og eg skal nyte opplevinga.

Ein draum

X-Games har vore draumen heilt sidan han var liten. Han har følgt med dei beste, og drøymt om å vere der sjølv ein dag.

– Alle vil jo til X-Games. Det er det største ein kan oppleva, og ekstra stas når det blir på heimebane, trur Kleivdal.

Han har vore med på store ting tidlegare. Mellom anna har han medalje frå junior-VM og var med på VM i Kina for to sesongar sidan. X-Games vil overgå alt, trur han.

– Eg veit ikkje heilt kva som møter meg, men det blir moro å køyre mot dei beste i verda. Og det blir ekstra kult å køyre med norsk publikum, eg har alt fått meldingar frå fleire kjente som har kjøpt billettar.

-Korleis er det med nervane?

– Eg blir ikkje så nervøs når det er store konkurransar, då er det berre ein bonus at eg får lov å køyre, og eg kjenner ikkje på noko press.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spent

I fjor vart bigairkonkurransen arrangert på stillashopp på Tøyen.

I år blir det hopp i Hafjell.

– Eg trur det kan bli enno betre enn det var i fjor. At det blir høgare nivå og betre køyring i år.

Sjølv vil han ikkje peike ut seg til nokon medaljekandidat.

– Eg trur det er andre som har det presset på seg. Eg har eit mål om å setje triksa mine og gjere så godt eg kan, klarer eg det er eg fornøgd, seier Stian.

Dei neste vekene skal han trene og førebu seg i USA med juniorlandslaget. Så startar oppkøyringa til Hafjell. Torsdag 9. mars gjeld det, då er det kvalifisering i bigair.

– Eg trur ikkje heilt eg forstår kor stort det er før eg er der, meiner Kleivdal.