Vetle Sjåstad Christiansen skaut godt i vinden i Oberhof. No får han sjansen i Ruhpolding. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen skaut godt i vinden i Oberhof. No får han sjansen i Ruhpolding. (Arkivfoto)

Klar for stafett

Vetle Sjåstad Christiansen får sjansen for det norske herrelaget i Ruhpolding.

Skiskyting: Han vart kasta inn i verdscupsirkuset i siste liten før runden i Oberhof.

Med begge Bø-brørne ute med sjukdom, har geilingen fått ny tillit når verdscupen no har flytta seg til Ruhpolding. Onsdag går herrane stafett. Der har Christiansen fått andreetappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole Einar Bjørndalen gir han klappet som startmann, Henrik L’Abée-Lund går tredjeetappe og Emil Hegle Svendsen er ankermann. Stafetten går tidleg onsdag ettermiddag.