Frå venstre: Gabriel Morales Magnum, Selma Øen Li, Erwin A. Bonilla og Valerie Ayala Trujillo.
Frå venstre: Gabriel Morales Magnum, Selma Øen Li, Erwin A. Bonilla og Valerie Ayala Trujillo.

Kjempa seg til gull

Sundag vart ein stor dag for kampsportutøvarane Selma Øen Li (15) og Valerie Ayala Trujillo (16) frå Ål. Då vann dei NM-gull i Taekwon-Do i Stavanger.

Taekwon-DO: Dei to ålingsjentene i Ål Teakwon-Do vann kvar sin sparringklasse etter harde kampar.

– Dei kjempa rått, seier ein av trenarane deira, Gabriel Morales Magnum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk innsats

Meisterskapet i Stavanger var det største i regi av kampsportforbundet nokosinne.

659 deltakarar frå 59 klubbar deltok. Og den vesle, men kvalitativt sterke ålingstroppen slo altså godt frå seg. NM-gulla i høvesvis junior og eldre junior toppa sjølvsagt helga. Men laurdag kjempa begge jentene seg til finale i den tekniske greina mønster. Det enda med to sølv.

– Me er veldig fornøgde med innsatsen og resultatet. Utruleg artig at ein liten klubb frå Ål kan gjere det så bra, seier Magnum.

– Landslaget er målet

Trenaren kan trygt konstatere at treninga så langt denne sesongen har gjeve resultat.

Begge har trena godt i år og utvikla repertoaret ytterlegare. Valerie er alt på landslaget og har tidlegare denne sesongen gjort det sterkt med mellom annan medaljar frå EM. No er målet at også Selma kan ta steget inn i landslaget neste år.

– Selma fekk gode tilbakemeldingar. Landslaget er målet til våren, seier Magnus.