Vetle Sjåstad Christiansen sikra pallplass på Beitostølen, trass i to strafferundar på siste stående.
Vetle Sjåstad Christiansen sikra pallplass på Beitostølen, trass i to strafferundar på siste stående.

Kapra pallplass i sesongstarten

Trass i to strafferundar på siste ståande vart det pallplass for Vetle Sjåstad Christiansen sundag.

I fråværet til eliteløparar som Ole-Einar Bjørndalen og Emil Hegle-Svendsen var det rekruttlagsløparane som dominerte fellesstarten sundag.

Christiansen tok tet frå start på Beitostølen, og skaut fullt hus på fyrste liggjande. På andre skyting bomma han på fjerde skotet og måtte ut i strafferunde. Likevel kjempa han i toppen og halvvegs i løpet såg kampen om sigeren ut til å stå mellom ein trio beståande av Christiansen, Erlend Bjøntegaard og tyske Michael Roesch.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uheldig

Etter fullt hus på fyrste ståande, gjekk trioen likt inn på siste ståande.

Medan Bjøntegaard takla nervane og skaut fullt hus, måtte Christiansen ut i to strafferundar. Inn mot mål kjempa han mot Roesch om andreplassen, og spurtslo tyskaren på målstreken. Erlend Bjøntegaard vart suveren vinnar, 50 sekund føre Vetle Sjåstad Christiansen som hadde to strafferundar meir.

Ut i Europa

Før sesongopninga i helga håpa geilingen å prestere godt nok til å kome seg ut i Europa å gå skirenn.

Neste helg startar IBU-cupen (tidl. Europacup) og eit par dagar seinare går dei fyrste verdscupløpa for eliteløparane. Begge desse uttaka blir truleg klar tidleg i veka. Her heime er det sesongstart for noregscupløparane på Geilo neste helg.