Juven på rekruttlandslaget
Sondre Juven frå Nesbyen var på lista då Norges Fri-idrettsforbund tok ut landslaget for mellom- og langdistanse for 2016 torsdag.
16-åringen blir ein del av rekruttlandslaget det neste året etter ein sterk sesong på mellomdistansane i år. Han sprang mellom anna 1500 meter på 4,01,79. Det var like bak kravet på 4,01,00 til Europameisterskapet for junior i Georgia neste sommar.
Juven blir ein del av ei gruppe med fleire unge utøvarar som forbundet vurderer har moglegheiter til å delta i internasjonale meisterskap i framtida. Fyrste samling med landslaget blir truleg i Bergen i slutten av januar.