Inger-Marie Haaland inn mot mål i Alta sentrum.
Inger-Marie Haaland inn mot mål i Alta sentrum.

Jubel etter hundre mil på Vidda

Inger-Marie Haaland var sliten, men glad då kom i mål etter 1044 km. Fredag vann ho sitt andre Finnmarksløp på to forsøk.

Hundekøyring: I 2009 vart ho historisk, som fyrste kvinnelege vinnar av Finnmarksløpet og den som har køyrt det 104 mil lange løpet raskast.

Fredag gjentok Inger-Marie Haaland bragda frå tre år tilbake. Ho køyrde i mål som vinnar etter eit uvanleg dramatisk løp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er kjempeglad! Eg skulle vinne, og eg hadde ein på sidelina som sa at eg skulle vinne, sa ho til NRK like etter målgang i Alta sentrum.

Like over klokka 14 fredag ettermiddag køyrde Haaland inn i Alta som vinnar av Finnmarksløpet, etter ein siste etappe der ho parkerte konkurrentane og heldt ein snittfart på 11,6 km/t.

Historisk – igjen

Sambuar og handler, Ralph Johannessen uttalte til NRK midtvegs i løpet at det kom til å bli eit Finnmarksløp som blir hugsa lenge. Det får han truleg rett i.

Sigeren er eit faktum. Inger-Marie Haaland deler gleda med hundespannet og leiarhunden Lykke etter målpassering i Alta.
Sigeren er eit faktum. Inger-Marie Haaland deler gleda med hundespannet og leiarhunden Lykke etter målpassering i Alta.
Inger-Marie Haaland tok imot mange helsingar etter hennar andre siger i Finnmarksløpet.
Inger-Marie Haaland tok imot mange helsingar etter hennar andre siger i Finnmarksløpet.

Det har vore spenning heile vegen frå køyrarane la ut frå Alta sist laurdag, og løpet har vore prega av dårleg vêr, uventa val og dramatikk. Det har vore snakka mykje om Haaland sitt val om å utsetje 16-timarskvilen frå Kirkenes midtvegs, til Neiden 2. Haaland er den fyrste i finnmarksløphistoria som har gjort det. Grepet førte ho opp i leiinga midtvegs i løpet. Dramatikken tok seg opp då ho torsdag fekk full stopp på hundespannet midt på Tanaelva, og mista heile det to timar lange forspranget ho hadde opparbeidd seg ned til næraste konkurrent, Harald Tunheim.

Utvida kvilen

Dei to kom likt inn til Karasjok, men Haaland har heile vegen halde større snittfart enn Tunheim. Då dei køyrde likt ut frå nest siste sjekkpunkt, satsa ho alt.

Då ho passerte Jotka, fem mil før mål hadde Inger-Marie fått 50 minutts forsprang til konkurrenten. Det tapte ho aldri.

– Me køyrde ut samtidig frå Karasjok klokka to i natt. Fram til Mollisjok fjellstue låg eg bak Harald, og han vart litt furten då eg ikkje ville passere han. Då me kom til fjellstua og eg begynte å kjenne fjellvinden, bestemte eg meg for at det var på tide å stikke, fortalde Haaland til NRK etter målgang. I mål var ho til slutt over ein time før andremann Tunheim. Robert Sørli køyrde for å hente inn dei to fyrste, men tapte terreng på slutten og kom i mål som tredjemann.

Takla vêret best

Før start i Alta sa Haaland til Hallingdølen at ho nesten håpa på litt uvêr på fjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg bur og trenar på Hardangervidda og er vant til tøffe vêrforhold. Kanskje kan eg ha ein fordel i forhold til konkurrentane, då både eg og hundane er vant til litt ruskevêr, sa ho. Og Haaland fekk rett. Over fjellet til Jotka var det uvêr i fjellet, men ho og hundane takla forholda best på dei siste mila av Finnmarksløpet.

– Det var mykje vind, det bles kuling med snøfokk. Men det er det me har øvd på, så hundane gjekk utruleg bra då den harde vinden kom, uttalte ho etter målgang.

– Det gjekk unna, men det kan godt vere at dei andre har slite på slutten. For det var ganske hardt vêr.