Gabriel Johannessen frå Gol (nummer fire frå høgre) vart saman med Haldis Dahl, Åge Rusten, Svein Olav Bø, Tormod Johnsen, Eivind Selvig og Guttorm Øye heidra av skipresident Erik Røste (t.h.) og leiar i langrennskomiteen Torbjørn Skogstad (t.v.).
Gabriel Johannessen frå Gol (nummer fire frå høgre) vart saman med Haldis Dahl, Åge Rusten, Svein Olav Bø, Tormod Johnsen, Eivind Selvig og Guttorm Øye heidra av skipresident Erik Røste (t.h.) og leiar i langrennskomiteen Torbjørn Skogstad (t.v.).

Johannessen vart heidra

Gabriel Johannessen frå Gol vart heidra med ildsjelpris av Norges Skiforbund laurdag.

Ski: Prisutdelinga skjedde i samband med skiforbundets haustmøte på Gardermoen. Johannessen var ein av seks personar som vart tildelt ildsjelprisen.

– Utruleg artig. Eg sett verkeleg pris på det, seier Johannessen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Breiddeidretten viktig

Han fekk prisen for sitt arbeid for skisporten gjennom snart 40 år med verv på fleire nivå.

Dei siste åra har han vore med i styret i Buskerud Skikrets og som leiar for kretsen i norske meisterskap og norgescuprenn. Han organiserer også samlingar i skikretsen.

– Det har vorte nokre årsverk. Den største gleda er breiddeidretten. Eg er ein stor tilhengar av den. Det er også artig å møte ungdom att som vaksne. Mange set pris på at dei lærte å gå på ski, seier Johannessen.

– Og du er ikkje klar for å gi deg enno?

– Nei, så lenge kroppen og hovudet held, er eg med.

Ny sesong

Johannessen har som så mange vorte engasjert i idretten gjennom ungane.

Yngstesonen Pål, med etternamnet Golberg, er på sitt beste ein av dei fremste skiløparane i verda. Og vel ein månad før sesongopninga håpar Johannessen på fleire prisar til sonen denne sesongen enn den eine han sjølv fekk laurdag.

– Pål er klar att etter eit langt sjukdomsavbrekk frå februar til juni. Han er på rett veg no. Me håpar på ein god sesong, seier Johannessen, som også ser fram mot ein spennande sesong med lokale løparar i dei yngre klassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange talent. Det som skjer i Team Hallingdal er positivt, og eg trur nokre av dei kan kome til å vise mange konkurrentar ryggen.