Ingen stafettmedaljar i Stryn
Det vart ingen medaljar til hallingløparane på den avsluttande stafetten under junior-NM i Stryn sundag.
Det vart jamt over stang ut for buskerudlaga i medaljekampen under NM-stafettane på Ullsheim stadion.
Fyrst ut var løparane i m17-19, og Håkon Sørbøen Larsen gjekk opningsetappa på Buskerud sitt fyrstelag. Han måtte ut i strafferunden etter andre skyting, og utover i stafetten rakna det etter kvart for laget. Buskerudløparane fekk fleire strafferundar mot slutten, og i mål vart dei til slutt nummer fem. Martin Bårtveit (Geilo IL) gjekk på Buskerud sitt andrelag, som vart nummer ni.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utanfor pallen
I jenteklassen gjekk Anne Marthe Moen Løvstuen ei god fyrsteetappe for Buskerud, og veksla 55 sekund bak teten.
Marie Nørstebø frå Svene gjekk andreetappe og veksla som nummer tre før Marthe Hanssen (Ål SSL/Team Statkraft Lillehammer) gjekk ankeretappa. Ho var lengje med i medaljekampen, men ein strafferunde på siste skyting førte buskerudlaget ein plass nedover på lista. I mål vart det sjetteplass på jentene. Ankerkvinne Maren Wangensteen gjekk Oppland opp til siger.
Avgjorde på heimebane
I m17-21 var det to hallingar på Buskerud sitt fyrstelag, og det opna bra.
Då Sigurd Hov (Svene) sendte Pål Kristian Grue Tufte (Geilo) ut på andreetappa låg laget på femteplass, men geilingen gjekk laget opp i teten. Ut på tredjeetappa var Kristian Ruud-Nesheim (Hønefoss) med i tetkampen. Hønefoss-løparen fekk det tøft på sin siste ståandeserie, og pådrog seg ein strafferunde. Då Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo IL) gjekk ut som ankermann var han knapt halvtanna minutt bak teten, og tjue sekund bak landslagsløpar og heimefavoritt Johannes Thingnes Bø (Markane IL). Christiansen imponerte med fullt hus under sprinten laurdag, men sundag vart det for tøft på standplass. På siste skyting pådrog han seg ein strafferunde, og sjølv om han gjekk fort i sporet og tok att løparen føre seg, vart det fjerdeplass på buskerudlaget. I mål var dei halvtanna minutt opp til veslebror Bø, som sikra sigeren for Sogn og Fjordane.