Idrettslaget vil satse alt på Gravset
Hemsedal idrettslag (HIL) har alt sagt sitt i løypesaka. Dei vil konsentrere seg om Gravset og turløypene som spring ut derifrå.
Ei langrennssatsing i sentrum fryktar dei vil ta av dei same ressursane som elles kan bli sett inn på Gravset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Reguleringsplanen for Gravset vart ferdig i fjor sommar, og opnar for at ein kan gå i gang med etterlengta utbetringar. Målet er å betre tilkomsten og etablere parkeringsareal dimensjonert for større arrangement. Draumen er eit stadionområde med klubbhus med garderobar, eigen smørebu, garasjeanlegg og utstyrslager.
Klubbhus-planen er ikkje i gang, men ei eiga anleggsnemnd er sett ned for å setje planen ut i livet. Det blir no også jobba for kunstsnøanlegg, utan at det er del av reguleringsplanen.