Kåre Nyhus, Fritz Bjølverud, Åge Strand, Sigbjørn Tormodsgard, Leif Ove Helling og Nils Arne Helling. Bak f.v.: Birger Asgrimplass, Mathias Rekve, Karl Hansen, Gunnar Nyhus og Helge Bretun.
Kåre Nyhus, Fritz Bjølverud, Åge Strand, Sigbjørn Tormodsgard, Leif Ove Helling og Nils Arne Helling. Bak f.v.: Birger Asgrimplass, Mathias Rekve, Karl Hansen, Gunnar Nyhus og Helge Bretun.

Hundre år med Ål-fotball

I år er det 100 år sidan fotballspelarane i Ål vart organisert i Ål idrettslag. Det blir feira med jubileumsturnering.

Det ligg an til ein skikkeleg mimredag på Bråta laurdag ettermiddag. Ålingane har invitert lag frå Gol og Nesbyen, frå den verkeleg harde tida på 1960- og 1970-talet, for å feire hundre år med fotball.

Gamle klassikarar

– Dette er den gamle garden, seier leiar i fotballgruppa i Ål idrettslag, Nils Egil Vedvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag trena ålingane på Bråta. Spørsmålet er kva golingane og nesningane kjem med.

– Eg håpar dei klarer å stille lag. Dette skal berre vere morosamt, seier Vedvik.

Det skal spelast tre kampar på liten bane. Og ettermiddagen blir avslutta med det som var fotballklassikar nummer ein i Hallingdal: Nesbyen mot Gol. Så spørst det, då, om spelarane har roa tenningsnivået.

Jentene fekk organiserte lag frå 1980. Sidan har idrettslaget satsa med jentene, og klubben har i dag mange jenter med. Ål idrettslag har også vore ambassadørklubb for å få fleire jenter på banen.
Jentene fekk organiserte lag frå 1980. Sidan har idrettslaget satsa med jentene, og klubben har i dag mange jenter med. Ål idrettslag har også vore ambassadørklubb for å få fleire jenter på banen.

– Me håpar å unngå skader. Men dei var jo rå før i tida, humrar Vedvik.

Kom med jernbanen

Den fyrste organiserte fotballen kom til Ål med Bergensbanen.

Stasjonsmeisteren starta eit lag alt i 1913, eitt år etter det som er rekna som det fyrste laget som spelte organisert fotball i Hallingdal, Nes IL.

23. mai 1915 vart fotballgruppa i Ål idrettslag stifta. Og i juli for eitt hundre år sidan vart det fyrste lokaloppgjeret mellom to lag i Hallingdal spelt. På Ekserserplassen i Nesbyen vann nesningane 2–0 i det historiske oppgjeret. Fotballen før andre verdskrig var lite organisert, men det var på eit tidspunkt fleire lag i Ål: Kvikk Sando, Aal Arbeideridrettslag og Tidsfordriv frå Kvinnegardslia.

Stordomstida for fotballen i Hallingdal var frå 1957 til 1979 då det var felles serie med Hallingdal og Valdres. Sidan gjekk seniorfotballen i bølgedalar, og i dag har ikkje Ål seniorlag. Men breidda i yngre lag, både for jenter og gutar, er stor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og fotballen rullar vidare. 100 år etter dei fyrste pionerane.