Tomas Markegård er i Davos og køyrer Europacup denne veka. (Arkivfoto)
Tomas Markegård er i Davos og køyrer Europacup denne veka. (Arkivfoto)

Hevdar seg i Europa

Tomas Markegård har representert Norge i fleire europacuprenn dei to siste sesongane.

Denne veka er hemsedølen i Davos og køyrer fartsrenn. Tomas Markegård opna veka med to gode treningsomgangar, og imponerte med ein sterk omgang onsdag. I utforrennet vart han nummer 23, eitt sekund og 32 hundredelar bak vinnaren.

I utforrennet tysdag vart han nummer 55. I mål var han 3, 92 bak den italienske vinnaren, Emanuelle Buzzi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Renna i Davos erstattar renn i Wengen, som måtte avlyse på kort varsel.