Endre Ulsaker (t.v.), Guro Jordheim og Rune Abrahamsen, på Hemsedal 1, tok ein solid siger i hallingdalsmeisterskapet i orienteringsstafett.
Endre Ulsaker (t.v.), Guro Jordheim og Rune Abrahamsen, på Hemsedal 1, tok ein solid siger i hallingdalsmeisterskapet i orienteringsstafett.

Hemsedal fyrst i mål

Tre spreke hemsedøler sikra sundag gull i stafett i orientering.

Orienteringsgruppa i Ål arrangerte sundag Hallingdalsmeisterskap i orienteringsstafett, i Leveld.

Hemsedølen Rune Abrahamsen la grunnlaget på fyrste etappe. Guro Jordheim gjorde jobben på andre etappe, og sende Endre Ulsaker ut med ei behageleg leiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ankermannen rista på hovudet då han kom i mål etter å ha streva med å finne fleire av postane. Men det heldt likevel til siger, med god margin, for Hemsedals fyrstelag. Dei slo Nesbyens fyrstelag på andreplass, mens Åls andrelag vart nummer tre.

Tøff løype

– Huff eg tulla det til på båe rundane, sa Ulsaker etter å ha brukt godt over ein time på etappen sin. Lagkamerat Rune Abrahamsen på fyrste etappe fortel at også han bomma litt.

– Det var litt vanskeleg, men ikkje minst tungt, med mange bakkar, oppsummerte Abrahamsen.

Guro Jordheim, Hemsedal 1, nærmar seg mål.
Guro Jordheim, Hemsedal 1, nærmar seg mål.
Endre Ulsaker, Hemsedal 1, har sigeren innan rekkevidde, når halvparten av siste etappe står att.
Endre Ulsaker, Hemsedal 1, har sigeren innan rekkevidde, når halvparten av siste etappe står att.
Pål Gunnar Mikkelsplass, Nesbyen 1, sytte for andreplass til laget.
Pål Gunnar Mikkelsplass, Nesbyen 1, sytte for andreplass til laget.
Åsmund Jordet sprang inn til tredjeplass for laget Ål 2.
Åsmund Jordet sprang inn til tredjeplass for laget Ål 2.
Nils-Kjell Kolbjørnsgard i arrangørstaben fører inn etappetider på tavla.
Nils-Kjell Kolbjørnsgard i arrangørstaben fører inn etappetider på tavla.
Eivind Torsethaugen, Ål 1, gjorde ein god innsats.
Eivind Torsethaugen, Ål 1, gjorde ein god innsats.
Marte Mestvedthagen, Hemsedal 2, er på veg ut i løypa.
Marte Mestvedthagen, Hemsedal 2, er på veg ut i løypa.
Eldar Børsum, Ål 3., er i gang med sin etappe.
Eldar Børsum, Ål 3., er i gang med sin etappe.
Jakob Mestvedthagen, Hemsedal 5, har kontroll.
Jakob Mestvedthagen, Hemsedal 5, har kontroll.

Sjølv om dei leia var det spennande å veta at Pål Gunnar Mikkelsplass kom susande bakfrå som ankermann på Nesbyens andrelag. Det vart likevel ein siger på fleire minutt til hemsedølene.

Ti lag

Det nærmar seg slutten på orienteringssesongen. Løpet i Leveld sundag var årets einaste stafett.

Blant dei ti laga som deltok, var heile seks frå Hemsedal, tre frå Ål og to frå Nesbyen.

– Ein må kunne seie at det var jamt, med alle tredjeetappane ute samstundes, seier Nils-Kjell Kolbjørnsgard som stod for arrangementet, saman med Arnstein Sørbøen.

Hallingdal har eit rikt orienteringsmiljø, med lagt over 100 aktive løparar.