Hege Bøkko: – Me har fått mykje støtte
Mange meiner Bøkkosyskena trefte spikaren på hovudet då dei torsdag gjekk ut og var lei av negativ medieomtale.
Skøyter: Etter oppslaget i Hallingdølen torsdag har det storma rundt Hege og Håvard Bøkko.
CBA-løparane sa då at dei var lei det dei såg som einsidig negativt fokus frå media, og særleg frå NRK-kommentator Ove Eriksen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er utruleg kjedeleg at media og folk vrir alt til det negative. Eg veit mellom anna om fleire som skrur av lyden på skøytesendingane på TV, sa Håvard Bøkko i torsdagsavisa. I ulike nettdebattar og sosiale medier har diskusjonane gått dei siste dagane, og søskena har fått både støtte og kritikk etter utsegna. Sjølv seier Hege at dei også har fått ein del tilbakemeldingar privat.
– Dei fleste har likevel vore positive, og støtta oss, seier ho.
Får støtte
Men CBA-løparane er ikkje aleine om å gå ut mot statskanalen.
Allereie sist helg, under VM i Moskva, starta diskusjonane på NRK-sport sine eigne facebooksider, særleg var det skøytekommentator Ove Eriksen som vart råka av kritikken. Dei som er samde med syskenparet frå Hovet seier dei trefte spikaren på hovudet, gjorde det rette ved å stå fram og fleire stadfestar også at dei skrur av lyden på tv-sendingane.
Kritikarane meiner syskenparet må slutte å klage og heller prestere betre på isen.
Ferdig
No meiner Hege at dei er ferdig snakka, og ynskjer å leggje ballen død og få fokus attende på skøytebanen.
– Eg har sagt mitt og no veit dei kva me meiner, seier ho om dei negative overskriftene og kritikken av NRK-kommentator Ove Eriksen.
Likevel har ho håp om å snu kritikken til noko positivt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg merkar at eg blir meir motivert når det blir mykje negativt, og eg trur framleis me er på rett veg, seier ho til Hallingdølen.