Håvard på pallen
Håvard Bøkko tok revansj på 1.500 m i Heerenveen sundag.
Etter ein tung 5.000 meter fredag, smelte han til med 2. plass på 1.500 meter.
Han gjekk eit solid løp, og vart klokka inn på 1,46,40. Sverre Lunde-Pedersen følgde opp med 1,46,54 og 3. plass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Håvard Bøkko har sliti med sjukdom etter NM i Bjugn for to veker sidan. Verdscupløpa i helga vart derfor ei god gjennomkøyring. 1.500 meteren gir grunn til optimisme.