Hallingar i skitoppen
Hallingane dominerte kretsmeisterskapen i langrenn i helga, både i klassisk og fristil.
Langrenn: Laurdag gjekk Årbogenrennet i klassisk stil, og sundag gjekk ROS-sprinten i fristil.
Begge dagar hevda hallingane seg heilt i tetsjiktet. Totalt elleve titlar kom heim til Hallingdal i helga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skiskyttarane Åsne Skrede (Geilo IL) og Katrine Seim (Hol IL) har hatt høg fart i sporet denne sesongen, og renna i helga var ikkje noko unntak. Duoen vann både i fristil og klassisk i j12 og j14. Laurdag skilte det berre eitt sekund ned til andreplassen i J12, medan Katrine Seim var sju sekund føre neste jente i 14-årsklassen.
Også Emilie Fleten er i god form før meisterskapa utover vinteren. I 19/20-årsklassen gjekk ho til topps både laurdag og sundag. Guro Jordheim var fattige sju sekund unna sigeren i klassiskrennet laurdag, men tok revansje sundag då ho vann fristilsrennet i 16-årsklassen.
På gang
Også på gutesida var det mange lovande resultat.
I G13 sørgde to gutar for at hallingane vann begge dagar. Emil Intelhus Brøto frå Gol gjekk til topps i klassiskrennet laurdag, medan Bjørnar Stensrud Tyribakken vann fristilsløpet sundag. Skiskyttar Aleksander Fjeld Andersen er førebels best i fristil, der han gjekk til topps i 15-årsklassen sundag. Laurdag vart han nummer to på 5 km klassisk, halvminuttet bak vinnaren Sigurd Rønning frå Vikersund.
I dei eldre klassane tok Kjetil André Bjerkrheim sin fyrste siger for sesongen. Han opna KM-helga med tredjeplass på 10 km klassisk, halvminuttet bak vinnaren, Ole Vidar Eriksrud frå Konnerud. Sundag gjekk nesbyenløparen heilt til topps på 10 km fristil.
God rekruttering
Totalt deltok over tretti hallingar i dei to renna. Det lovar godt for rekrutteringa til langrennssporten lokalt.
I tillegg til dei som vart kretsmeistrar, var det mange gode tider og plasseringar. Mellom anna tok Marte Mestvedthagen ein sterk andreplass i 18-årsklassen. Ho var knappe ti sekund bak vinnaren Emilie Slåtto Gomnes frå Holeværingen i fristilsrennet sundag. I seniorklassen var Liv Birgit Jorde frå Gol einaste deltakar frå Hallingdal. Ho vart nummer tre sundag og var kring minuttet bak vinnaren i dameklassa.