Pål Golberg vart nummer ni i sprintverdscupen denne sesongen, etter fleire pallplassar i vinter.
Pål Golberg vart nummer ni i sprintverdscupen denne sesongen, etter fleire pallplassar i vinter.

Golberg går sprint i Falun

Pål Golberg nådde ikkje målet om finaleplass i Stockholm onsdag, men han rykte ein plass opp i sprintverdscupen.

Langrenn: Onsdag avslutta langrennsløparane sprintverdscupen med Slottsprinten i Stockholm.

Pål Golberg låg som nummer ti i sprintverdscupen før rennet, men tok nye poeng og rykte opp til ein niandeplass samanlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauk ut

I kvartfinalen kjempa golingen med sterke sprintnamn som Nikolaj Morilov og Andrew Newell, og låg lenge godt an til å avansere.

Inn på oppløpet bomma Golberg likevel på sporet han hadde sette seg ut, og ein av konkurrentane nytta sjansen og smatt inn før Pål. Golberg hadde ikkje sjanse til å henge med inn mot mål. Til slutt vart han nummer fem i kvartfinaleheatet, og gjekk ikkje vidare til semifinalen.

God prolog

Golingen gjekk inn til 15. beste tid, 5,9 sekund bak Ola Vigen Hattestad, som var raskast.

Nesten ein tredjedel av semifinaleløparane var norske, heile ni nordmenn tok seg vidare og revansjerte innsatsen frå bysprinten i Drammen sist veke.

Erik Brandsdal vann finalen.

Skisprinten i Stockholm er ein del av mini-touren i Sverige, som avsluttar verdscupen i langrenn denne sesongen. Berre dei 50 beste får gå.

Vil på pallen

Pål Golberg var rangert som nummer ti i sprintverdscupen før klassisksprinten i bygatene onsdag, og har avslutta sesongen sterkt etter at ein sjukdomsperiode ved juletider øydela mykje på nyåret.

– Målet i Stockholm er som alltid finale, og på ein god dag bør eg vere kapabel til det, sa han til Hallingdølen etter tredjeplassen i Drammen for ei veke sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdscupen i langrenn blir avslutta med to distanserenn, eit i klassisk og eit i fristil, i Falun i helga.