Mari Torsteinsrud (i midten) vann skiskyting i Svene laurdag og gjekk langrennsstafett i Holmenkollen sundag. Her saman med klubbvenninnene Vilde Kverndal Veslegard t.v. og Mari Lindmo Kvanneberg.
Mari Torsteinsrud (i midten) vann skiskyting i Svene laurdag og gjekk langrennsstafett i Holmenkollen sundag. Her saman med klubbvenninnene Vilde Kverndal Veslegard t.v. og Mari Lindmo Kvanneberg.

Gjekk stafett i Holmenkollen

Mari Torsteinsrud (15) frå Fjellet gjekk tredje etappe for andrelaget til Buskerud i ungdomsstafetten i Holmenkollen sundag.

Mari og lagkameratane vart nummer ni av 31 lag og var 1.23 bak Buskerud sitt fyrstelag som vann.

Ungdomsstafetten er eit årvisst innslag under Holmenkollrenna. Kvar krets stiller med ein gut og ei jente i 15- og 16-årsklassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åsne Skrede (16) frå Geilo var tatt ut til å gå på fyrstelaget til Buskerud, men måtte melde forfall. Mari Torsteinsrud var reserve og fekk ei travel helg. Laurdag vann ho fellesstarten i skiskyting i Svene før ho reiste til Holmenkollen og gjekk langrennsstafett.