Geilo har snø: - På tide å preppe skia
– Det går fint an å gå langrenn på Geilo no.
Det seier leiar i Geilo idrettslag, Espen Norby Andersen.
Kunstsnø
Idrettslaget kan tilby strålande forhold på Geilo Skistadion.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Geilo Idrettslag har den siste veka produsert omkring 25.000 kubikkmeter snø som no dekker eit stort stadionområde. Samtidig har me ei løype på 2,5 kilometer med solid sole som skal tole det aller meste av vêr, seier Andersen.
Snøscooter
Det har vore lite snø opp mot Prestholt, men med meir snø vil forhåpentlegvis også denne løypa vere i toppstand i løpet av helga.
– I helga køyrer me også løyper med snøskuter frå Havsdalssenteret og inn mot Prestholtseter og vegen inn mot Kolbjørnstølen. Desse to løypene har ei samla lengde på omtrent 25 kilometer tur/retur, seier Andersen.
Lovar gode løyper
Geilo Idrettslag er ein del av Geilo sti- og løypelag, saman er dei ein drøymeduo og lovar svært gode langrennsløyper kommande vinter til heile Geilo og alle som tek turen til Geilo.
– Me er stolte av å kunne tilby så gode løyper så tidleg i sesongen – alle er velkommen til Geilo. No er det på tide å skrape av klisteret frå i fjor og komme seg ut på tur, smiler Andersen.