Gässler meldt for doping
Terrengsyklist Nina Gässler (37) frå Geilo blir meldt for doping til domsutvalet i Norges Idrettsforbund med påstand om to års utestenging.
Heilt sidan det vart kjent at Nina Gässler avla positiv dopingprøve under sykkelrittet Farrisrunden i sommar, har ho kjempa hardt for å reinvaske seg for mistanken om bevisst doping.
– Dum og naiv
Den positive dopingprøva kom som eit sjokk på Nina Gässler. Sjølv er ho sikker på at det kjem frå eit kosttilskot ho fekk under eit sykkelritt i Sør-Afrika i mars, men som produsenten og sponsoren gjekk god for.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg veit at eg har vore dum og naiv, men har aldri prøvd å dope meg og tatt prestasjonsfremjande middel. Eg tek den straffa eg fortener, men vil kjempe alt eg kan for ikkje å bli framstilt som juksemakar, sa Nina Gässler til Hallingdølen i haust.
To års utestenging
Ho fekk frist til 23. november til å leggje fram bevis på at ho ikkje har dopa seg bevisst. Nina sende det mistenkelege kosttilskotet til analyse ved eit laboratorium i England i privat regi og fekk til svar at det inneheld spor av hormonstoffet ho testa positivt på i sommar.
Gässler sende også kosttilskotet til Antidoping Norge. Håpet var at eit tilsvarande analyseresultat der ville frikjenne henne for bevisst doping.
Men slik gjekk det ikkje. For eit par dagar sidan fekk Nina Gässler melding via advokaten sin, Gunnar Martin Kjenner. Påtalenemnda i Antidoping Norge har vedteke å melde forholdet til domsutvalet i Norges Idrettsforbund med påstand om to års utestenging. Anmeldinga blir sendt til domsutvalet over nyttår.
– Ingen god julegåve
Dopingmistanken har vore tung å bera for terrengsyklisten og den tidlegare tyske verdensmeisteren i roing.
– Juks og doping er stikk i strid med alt eg står for. Terrengsykling er hobbyen min, ikkje yrket mitt. Eg lever for og ikkje av terrengsykling, sa Nina til Hallingdølen i oktober.
Det lykkast ikkje å få kontakt med Nina Gässler etter at vedtaket i påtalenemnda om anmelding og påstand om to års utestenging vart offentleggjort fredag. Men i ein e-post til Hallingdølen skriv ho følgjande:
– At saka ville bli meldt, var som venta. Dette var ingen god julegåve, og eg er veldig lei meg no. Eg håpar at eg ved hjelp av advokat Kjenner greier å overtyde domsutvalet om at eg ikkje har juksa. Eg har så lyst å bli ferdig med saka og ikkje bli dømt for noko eg ikkje har gjort. Utestenginga spelar ingen rolle.