Vetle Sjåstad Christiansen får sin debut i verdscupen i skiskyting laurdag. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen får sin debut i verdscupen i skiskyting laurdag. (Arkivfoto)

Går sprint i Östersund

Laurdag får Vetle Sjåstad Christiansen sin debut i verdscupen i skiskyting.

Geilingen går sprint i svenske Östersund. Sundag går han jaktstart før verdscupsirkuset reiser vidare til Austerrike og Hochfiltzen.

– Eg har ambisjonar om å prestere, skyte godt og gå fort på ski. Ein reiser ikkje til Östersund for å bli listefyll, sa Christiansen etter uttaket.