Ni år gamle Sindre Ulsaker var fyrst ut frå start i sesongens fyrste renn.
Ni år gamle Sindre Ulsaker var fyrst ut frå start i sesongens fyrste renn.

Fyrst frå start og fyrst i mål

Ni år gamle Sindre Ulsaker fekk sundag æra av å opne langrennssesongen i Hallingdal.

Gravsetrennet laurdag fraus bort. Men sundag var det knappe 11 kuldegrader, og Golrennet kunne gå som planlagt. I alle fall nesten. Frå før hadde dei flytta rennet frå Gol til Hemsedal på grunn av snømangel. Natt til sundag kom det så mykje snø at starten måtte utsetjast med ein time. Løypene som var ferdigpreparert om natta, var snødd att om morgonen. Men klokka 13.00 var det klart til start. Og dei unge, ivrige var fyrst ut.

Fyrst i mål

Sindre Ulsaker brukte ikkje lange tida på ein kilometer i sporet. Ein strålande blid niåring fekk saft i målområdet og tok nøgd på seg boblejakka etter enda løp. Fyrst frå start – og fyrst i mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Nordhagen frå Bromma kom på ein 2.-plass i 11 års klassen. Han vart beste halling i denne gruppa. Øyvind Tveit frå Ål vart beste halling med ein 5.-plass i klasse gutar 12 år.

Emilia Stensrud Tyribakken frå Nesbyen vart nummer to i 11 års klassen. Miriam Ulrichsen Flaget frå Hemsedal vart beste hallingjente i J 12 med ein 4. plass.

Sparebank 1-Cup

Golrennet er landsrenn og Sparebank 1-Cup i fristil for skiløparar frå 13 år til senior. 230 hadde meldt seg på, men det vart ein del fråfall. Sparebank 1-Cup går over sju renn i Buskerud.

Vilde Slaatto frå Geilo gav alt frå start.
Vilde Slaatto frå Geilo gav alt frå start.
Synne Herheim frå Geilo let seg ikkje påverke av kulda. Ho skaut fart.
Synne Herheim frå Geilo let seg ikkje påverke av kulda. Ho skaut fart.
Golsrennet gjekk på Gravset sundag.
Golsrennet gjekk på Gravset sundag.

I klasse 13 år fekk Sjur Lien Sagabråten frå Nesbyen ein 5.-plass. Filip Fjeld Andersen frå Geilo vart beste halling i klasse 14 år, med ein 2.-plass.

Åsne Skrede, Geilo vann jenter 13, framfor Guri Hulbak, Hemsedal og Mari Lindmo Kvanneberg, Gol. I jenter 14 vart Elin Ulsaker frå Hemsedal beste halling med ein 7.-plass, medan Katrine Seim, Hol gjekk til topps i 15 års klassen. Guro Jordheim, Hemsedal, vann klassen kvinner 17 år, og Marte Mestvedthagen frå Hemsedal kom inn som beste halling med ein 2.-plass i klasse kvinner 18–19.

I klasse gutar 15 år kniva tre hallingar om fyrsteplassen. Mathias Skrede, Geilo vann framfor, Emil Intelhus Brøto, Gol og Øystein Markegård, Geilo. Aleksander Fjeld Andersen, Geilo vart nummer to i 16 års klassen. I menn 17 år kom Ola Jordheim frå Hemsedal på ein 2.-plass og Trym Halbjørhus frå Hemsedal på ein 3.-plass.

I menn 18 år vart Sigurd Sollien Hulbak frå Hemsedal beste halling med ein 7.-plass. Kjetil André Bjerkrheim frå Nesbyen kom på 2.-plass i menn 19/20 år.

Tore Bjerkrheim frå Nesbyen vann menn senior. Christian Schou frå Hemsedal kom på 3.-plass.