Nesbyen ber eit eldorado for terrengsyklister. (Foto: Sindre Thoresen Lønnes)

Full fart igjen - fleire hundre syklistar på camp i Hallingdal

Vindfall har skapt meirarbeid for sykkelarrangørane i Nesbyen.

Omkring 500 terrengsyklistar kjem komande helg til bygda for å få luft under hjula. Det er tre år sidan sist sykkelcampen vart arrangert - og no er det endeleg full fart igjen.

– Det blir mykje folk, seier Ove Roen-Grøndal i Trailhead Nesbyen, som arrangerer campen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har aldri hatt eit så stort førehandssal, seier han

Les også
Brukar millionar på sykling

Måtte rydde

I år fekk arrangøren eit uventa problem i fanget. Stormen i november i fjor var hard med skogen. Det merka ein også i sykkelløypene der vindfall låg over sykkelstiane.

– Det er nedfall overalt. Men dei mest brukte sykkelstiane er rydda og klare til bruk, seier Roen-Grøndal.

Eldorado

Nesbyen har bygd seg opp til å bli ein sykkeldestinasjon og eit eldorado for terrengsyklistar med ei utal av stiar ned dalsida, spesielt på Nesbyen austside der basen for denne campen også er.

– Her samlast både gode og mindre gode terrengsyklistar. Det er ingen konkurranse, det er snakk om å få sykla mest mogleg, seier Ove Roen-Grøndal.

Les også
Har selt byggvarehus: – Dette blir bra for bygda fordi det er proffe kjøparar
Les også
Fryktar ikkje bråstopp - vil bygge 138 hytter og 120 leilegheiter
Les også
Skal sette opp 100 nye hytter: – Det er ingenting i vegen med eit større felt, men her får ein idyll utan for tett bygging