Fotballjuniorar best på isen
Når kunstgrasgrasbanen ligg islagt, må fotballgutane finne andre arenaer.
Ishockey: Ishockeykampen gjekk unna med både veivande armar, køller i lufta, piruettar og harde fall på blankisen. Det kunne nærast sjå ut som kunstløp til tider. Men fotballgutane, som ikkje hadde stått noko særleg på skøyter tidlegare, avanserte raskt. Og jammen slo ikkje juniorane A-laget ned i skøytene.
Is på graset
Kunstgrasbanen på Gol kunne vel nesten fungert som ein skøytebane sjølv for øyeblikket. Fotballgutane i HFK har måtta finne alternative treningsformer den siste tida. Dei har både vore på spinning, spelt bowling og svømt. No var det på tide å finne fram skøytene, fann trenaren til juniorlaget ut. Jørgen Hagen inviterte A-laget til ishockeykamp mot sine eigne juniorspelarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Onsdag kveld var det ein gjeng litt nervøse fotballspelarar som knytte skøytene fast på beina og stavra seg av garde mot ishockeybanen. Nokon har stått ein del på skøyter før, men for dei fleste var det svært lenge sidan.
– Eg trur kanskje 80 prosent av oss ikkje har stått noko særleg på skøyter. Det er ikkje mange som har kontroll, ler Martin H. Opheim og held seg fast i Sander Kirkebøen. Kristian Svenkerud har spelt litt ishockey før, men må nok friske opp att gamle kunstar.
– Men drakt har eg då, smiler han.
– Er det meininga at tærne skal krølle seg inni skøytene, er det ein som lurer. Pelle Hedlund, i hockeygruppa i Hemsedal idrettslag, finn fram eit par nye.
Balansetrening
På skøytebanen hjelper det lite om du er toppscorar i fotball.
– No skal me få testa litt musklar, seier trenar Hagen nøgd. Han vil gjerne at gutane byggjer opp både styrke og kondisjon. Og etter å ha prøvd seg på isen sjølv tidlegare, fann han ut at dette var heilt perfekt alternativ trening.
– Det er veldig høg intensitet og dermed god trening. Og med ein kamp kan me få fram vinnarinstinktet, smiler han.
Pelle Hedlund fortel at isbanen er vorte særs populær. Dei har både skøyteskole, hockeytrening og spelar løkkehockey.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har fått jaga både gutar og jenter ut av sofaen og til isbanen for å spele løkkehockey fortel han. No ligg det an til første ishockeykampen i Hallingdal, for fotballgutane i HFK.
– Dette er balansetrening, smiler Hedlund og sørger for at alle får med seg reglane. HFK Hockey Challenge er i gang.
Lenge sidan
Dei er fire mann på kvart lag, utstyrt med hjelm, skøyter og kølle. 24–25 fotballspelarar til saman. Med det same pucken treffer isen er dei i gang. Eller nesten alle. Nokon må berre få testa balansen først. Det hjelper lite å trippe på skøytene. Det finn Alfred Scriven fort ut. Armane veivar høgt og det er like før den lange mannen dett, gong på gong. Men om det var ein pris for blidaste mann på isen, ja då måtte han gått til Alfred.
– Det er veldig lenge sidan eg gjekk på skøyter, fortel han. Med trykk på VELDIG.
– Det er gøy med litt fart, men eg klarar ikkje bremse så fort, gliser Martin H. Opheim. Anders Golberg Brenno nikkar samd.
– Er det bra trening då?
– Har ein dårleg kontroll, tek ein det med ro, svarar Brenno. Men dei avanserer raskt. Snart går det så pucken slår inn i vantet gong på gong. Og inn i det vesle målet innimellom.
Dritvanskeleg
Etter eit par minutt blir dei skifta ut. Ein etter ein. Alle 25 fotballspelarar skal få testa seg på isen. Nokre vil helst ikkje bytast inn. Dette er gøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre vil helst spele fotball. Noko dei kan.
– Det var jæv ... gøy. Men dritvanskeleg, seier gutane medan dei ventar på neste kamp.
– Eg har den. Eg har den. Eg har den, ropar Alfred der ute på isen. Den lange kroppen snur seg etter pucken. Men strengt tatt er han vel aldri borti. Likevel er gliset på plass. Nokre akkar og uffar seg. Det er vondt å dette på isen.
– Dette smaker av gjentaking, smiler trenar Hagen.