Godset-trenaren kjem med to spelarar til Rødberg. (Arkivfoto)
Godset-trenaren kjem med to spelarar til Rødberg. (Arkivfoto)

Fotballheltar til Rødberg

Fotballspelarane i Uvdal IL får heidersbesøk om halvannan veke.

Fotball: Hovedtrenar i Strømsgodset, Bjørn Petter (BP) Ingebrigtsen tek med seg to spelarar til Rødberg onsdag 1. juni.

Då kjem strømsgodsetrepresentantane for å halde foredrag og sjå kamp på kunstgraset. Tema er fotball, Strømsgodset og netthets.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er stort. Moro for klubben at me får slikt besøk, seier Alf Gunnar Wikan i Uvdal IL til Laagendalsposten. Etter foredraget skal delegasjonen sjå starten av ein kamp mellom sjuåringane til Uvdal og Skrim.