Emil Interhus Brøto og Emilie Fleten (begge Gol IL) tok førsteplassane under rulleskifestivalen i  Hemsedal.
Emil Interhus Brøto og Emilie Fleten (begge Gol IL) tok førsteplassane under rulleskifestivalen i Hemsedal.

Fleten og Intelhus Brøto vann samanlagt

Gol-løparane Emilie Fleten og Emil Intelhus Brøto vart dei fyrste samanlagtvinnarane av Hemsedal rulleskifestival.

Etter sprint fredag, langløp laurdag og jaktstart sundag vann dei to hardtsatsande golingane klart.

Fleten vann 2,49 minutt føre Guro Jordheim frå Hemsedal og nesten 15 minutt føre Gunn Karoline Høgset frå Ål. Emil Intelhus Brøto var 3,09 minutt føre Jakob Mestvedthagen frå Hemsedal/Team Hallingdal og 4,57 føre Ola Jordheim (Hemsedal/Team Hallingdal). Intelhus Brøto la grunnlaget for sigeren etter eit sterkt langløp laurdag kor han også slo Pål Golberg, som berre stilte til start laurdag, med tre sekund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt fullførte fem kvinner og 13 menn dei tre etappane i Hemsedal rulleskifestival. Det var likevel fleire deltakarar på dei enkelte etappane ettersom fleire valde å berre gå renn ein av dagane.