Steffen Bjerknes tek rallyferie på norgestoppen.
Steffen Bjerknes tek rallyferie på norgestoppen.

Flåværing i flytsona: Tek ferie på rallytoppen

Etter ein god fyrste del av sesongen tek Steffen Bjerknes rallyferie på norgestoppen.

Motorsport: Bjerknes køyrer for NMK Nedre Hallingdal, og hadde ein litt utfordrande vintersesong.

Men fram mot sommaren losna det skikkeleg for flåværingen. Fyrst køyrde Bjerknes med kartlesar Gjermund Lien Dahl inn til ein tredjeplass på Hurumsprinten 21. april. Fyrste helga i juni stilte Bjerknes med kartlesar Ole Thomas Westby i Aurskog-Høland rally. Der vart det karrierebeste for rallyføraren, då dei vart nummer to i NM-rallyet og Bjerknes vart beste c-førar totalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

23. juni var Lien Dahl tilbake som kartlesar då dei stilte i Gardermoensprinten, og tok ein tredjeplass i klassen. Også der vart det beste c-førar. Før haustsesongen startar ligg Bjerknes på fyrsteplass i norgescupen, med 13 poeng ned til neste førar. I fjor vart det andreplass samanlagt i cupen, i år har rallyteamet mål om å vinne. Med tre løp att av serien er samanlagtsiger innan rekkevidde. Siste NM-runden går på Hamar i slutten av september.