Feira bursdag med NM-gull og VM-plass
Leo Skjellaug Gundersen kunne juble for NM-gull, bursdag og uttak til junior-VM same helg.
19-åringen frå Geilo har hatt ein enorm comeback-sesong etter trøbbel med hjarteflimmer.
I helga var det junior-NM på anlegget til Østre Toten Skilag. Karidalen viste seg som ein lykkearena for Gundersen. Fredag var det NM-sprint i ungdomsklassane. Der vart Gundersen nummer fire, tre sekund unna medalje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var berre ei oppvarming til jubeldagen etter. På fellesstarten laurdag sikra geilingen seg NM-gull, med seks sekund ned til neste løpar. Gundersen hadde høg fart i sporet, og vann sjølv om han hadde ein bom meir enn løparen på andreplass.
Fekk VM-billett
NM-gullet kom i tillegg på 19-årsdagen, og med det kom også beskjeden om at eit av sesongens store mål var oppnådd. Troppen er venta denne veka, og der er geilingen med. Om tre veker reiser Gundersen til Sverige for å gå junior-VM for Norge.
Det skjer etter mykje sjukdomstrøbbel. På vårparten vart han operert for hjarteflimmer. I tillegg måtte han gjennom operasjon i begge leggane. Han har ambisjonar om å hevde seg i meisterskapen som går i Østersund.
– Eg håpar å kjempe i toppen dersom eg får klarsignal for junior-VM. Eg håpar å vere ein betre utgåve av meg sjølv i neste månad. Både i sporet og på standplass har eg framleis litt å gå på før eg er helt fornøgd. Men eg er veldig tilfreds med at eg i vinter har gjort det så bra som eg har gjort. Det var nok ikkje mange som trudde at eg var kapabel til det da eg sleit som mest førre vinter, sa skiskyttarkometen til Hallingdølen i januar.
Fleire lovande
Fleire hallingar gjekk gode løp under NM-renna på anlegget i Karidalen. Gro Torsteinsrud (Ål) vart nummer tre på sprinten i K20-22, og Åsne Skrede (Geilo) vart nummer fire i senior. Men ingen av dei yngre løparane blanda seg inn i medaljekampen. Guro Espeli (Geilo) tok ein sjetteplass i K17 på fredag og ein femteplass dagen etter. Sundag var det stafettar for ungdom og junior.