Sondre Evjen er klar for ny EM-runde i rallycross. (Arkivfoto)
Sondre Evjen er klar for ny EM-runde i rallycross. (Arkivfoto)

Evjen klar for EM-runde i Sverige

Denne helga køyrer Sondre Evjen EM-runde i Höljes i Sverige.

Motorsport: 18-åringen frå Ål og NMK Gol er klar for ny EM-runde i rallycross.

No er det i Höljes i Sverige det skjer. Evjen fekk tekniske problem med bilen i forrige EM-runde i Stjørdal. No skal alt vera i orden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me testa i Karlstad måndag, og då fungerte alt veldig bra, seier Sondre Evjen.

Han satsar på pallplass på den tradisjonsrike banen på andre sida svenskegrensa.

Vanlegvis er det i overkant av ti førarar som deltek i RX Lites-klassen som Sondre konkurrerer i. I Höljes blir konkurransen tøffare. Der er 18 bilar påmeldt i klassen.

– Målet er ein plass blant dei fire beste i semifinalen og koma seg vidare til finalen. Då er alt mogeleg, seier han.