Drøymer om ein plass på laget
Jonas Ahmedi (16) har mange draumar. Éin av dei er å bli tatt inn i stallen til eit fotballag.
Fotball: Jonas Ahmedi (16) er ein fyr som har lett for det. Før han kom til Kongshaugen statlege mottak i fjor, hadde han knapt sett ein fotball. På eitt år har han utvikla seg til ein midtbanespelar som både kan forsvare eige mål og finte ut keeperen til motstandaren.
– Eg spelte ikkje fotball i Afghanistan. Me hadde ikkje bane. Men det siste året har eg spelt mykje. Eg trenar to gonger i veka, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ambisjonar
16-åringen har ambisjonar, men ikkje berre i fotball. Som ny i Norge er han opptatt av å lære seg språket. Nyleg fekk han toppresultat på sin fyrste norskeksamen. Draumen er å starte på universitetsstudiar når han er ferdig på vidaregåande.
– Eg har lyst til å studere politikk, seier han.
Ikramuddin fekk draumetreff
Kvar veke denne hausten har Hallingdal FK arrangert fotballtrening for asylsøkarar i Gol, Hol og Hemsedal. Sundag inviterte dei fotballspelarar frå alle dalens asylmottak til turnering. Ti lag møttest til cup. Etter innleiande gruppespel, gjekk dei fire beste laga vidare til semifinalar. Gol 2 mot Gol 1, og Vikingene frå Kongshaugen mot arrangørane i HFK. I finalen vann HFK ein knipen 1-0-siger over Gol 2. Vinnarmålet vart scora av Ahmed Ahmed, som også vart turneringas toppscorar. Mojib frå Hol vart kåra til beste keeper. Finaste mål blei scora av Ikramuddin Yasdani frå Gol, og beste spelar vart Mubarak frå Hol.
Jubel på tribunen
Sundag var Jonas Ahmedi med på si andre turnering. Saman med kompisane frå Kongshaugen var han med å vinne sist HFK inviterte til turnering. Denne sundagen stilte dei med tre lag. Holingane støtta kvarandre. Mens det eine laget spelte, sørga dei andre to laga for jubel på tribunen.
– Eg likar når nokon ser at eg gjer det bra. Det er kjekt når publikum ropar og støttar meg, seier Ahmedi. Fotball gir energi og overskot.
– Draumen er å få plass på eit lag. Eg hadde vore takksam om det hadde skjedd, seier han.
– Fotball er glede
Ein av dei som har spelt seg inn på laget, er Mohamud Isak (16). Den unge somaliaren trenar fast med HFK og spelar på juniorlaget.
– Eg sette stor pris på at HFK tok meg inn i varmen. Eg lærer mykje på treningane. Laget har gjort meg til ein betre spelar, seier han. Isak er busett på Gol, saman med bror sin og svigerinna.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har spelt fotball sidan eg var fem år gamal. Fotball er glede. Livet hadde vore kjedeleg utan fotball, seier han.