Driblefot i tre slektsledd
– Med ein gong eg får på fotballsko, startar det å koke i skallen, seier Helge Jensen.
Fotball: Julecupen på Nesbyen vekkjer konkurranseinstinktet hjå gamle og unge fotballspelarar.
Laurdag vart cupen arrangert for 23. gong. I år med rekordstor påmelding. Framfor fulle tribunar konkurrerte 28 lag heilt til dei beste stod att i finalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre generasjonar
Fotballfamilien Jensen stilte med eit familielag i tre generasjonar. Kaptein var veteran Eivind Jensen (71). Han debuterte på A-laget til Nesbyen som 15-åring i 1959. Sønene Helge (46) og Morten (43) spelte begge på A-laget til Nesbyen før dei på 1990-talet var med på oppstarten av HFK.
– Men me kasta inn handkleet før far vår, seier Morten. Begge brørne har «pensjonert» seg som spelarar, mens far deira aldri har gitt seg. Seinast i 2013 spelte han 7.-divisjonsfotball for Nesbyen.
62 års aldersforskjell
I tillegg til tre seniorar, var laget toppa med barnebarn og bonusbarnebarn. Yngste på laget var Mathias Jensen på ni år.
– Me er nok det laget med størst aldersspreiing. Det er 62 år mellom eldste og yngste spelar, innrømmer goffa. Han leia laget til semifinale, men der vart motstanden for hard.
– Det var jamne kampar. Det gjekk over all forventning, seier Morten Jensen.
På alle pluggar
Bror hans tok seg fint inn att etter ein tøff start. I fyrste kampen vart han utvist og fekk to minutt på benken etter ei takling. Då vart det temperatur. Hjå gamle fotballspelarar er det lett å tenne lunta.
– Hallo. Eg er keeper. Har eg ikkje lov til å slenge meg?! ropte Helge Jensen frå sidelina. – Med ein gong eg får på fotballsko, startar det å koke i skallen, innrømmer han etter kampen.
Bidrog med kjefting
HFK-trenar Jan-Eirik Thorberg har vore med frå starten for 23 år sidan. Julecupen var det fyrste som vart arrangert i idrettshallen på Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hallen vart ferdig hausten 1992, men var ikkje offisielt opna då me sparka i gang julecup fyrste gong, fortel Thorberg. Som spelande trenar for det forsterka familielaget, Kakleriet, tok Thorberg laget heilt til finalen i trim-puljen. Der møtte dei eit anna sterkt familielag, Garnås-gjengen, som slo ut Jensen i semifinalen.
– Me vann hårfint etter ekstraomgang. Eg trudde ikkje me skulle ta gjengen frå Garnås, seier Thorberg.
– Kva var ditt bidrag?
– Kjefting. Eg spelte litt, men det var viktigare spelarar på laget. Men det er artig å få vere med, seier han.