Med utsikt over Nesbyen sentrum og store delar av Hallingdal, er det ei oppleving å ferdast på fjellet Beia.
Med utsikt over Nesbyen sentrum og store delar av Hallingdal, er det ei oppleving å ferdast på fjellet Beia.

Draumen om Hågeberg

I 50 år har det vore planar for å nytte den spektakulære fjellsida frå Hågeberg ned mot Nesbyen sentrum.

DET STARTA I 1968 då den visjonære turistsjefen Rolf Vestvik lanserte planar om gondolbane, skøytebane og hotell.

Og det heldt fram i 1980-åra med dei enorme planane om Nesbyen Alpinsenter med verdscupløype for utfor, gondolbane og hotell. Det skulle bli Nord-Europas gigant. No er det med ein familievennleg sykkelstig ned fjellsida Nes endeleg vil nytte potensialet denne fjellsida har. Og viss denne sykkelstigen blir bygd, meiner mange at Nesbyen vil bli eit av dei leiande sykkelreisemåla i Norden.

Artikkelen held fram under annonsen.

IDEEN OM DEN spektakulær stigen, eller ein flowtrail, frå Hågeberg til Nesbyen sentrum, vart lansert i mai 2017.

Bak ideen står dei to sykkelentusiastane Ove Grøndal og Knut Lønnqvist i sykkelselskapet Trailhead Nesbyen. Det er dette selskapet som driv mykje av aktivitetane som sykkel-Nesbyen alt er vorte så kjent for. Dei to har også stått i spissen for det store dugnadsarbeidet med å utvikle Nesbyen til ein attraktiv stad for syklistar. Den planlagde stigen frå toppstasjonen til Nesbyen Alpinsenter og ned fjellsida til sentrum blir kring 15 kilometer. Frå Nystølen lenger inne i fjellet, blir traseen 25 km lang. Høgdeskilnaden blir 950 meter, og den øvre delen av løypa ligg over 1000 meter over havet.

I OVERKANT av eitt år etter at ideen vart lansert, er arbeidet godt i gang.

Lars Wraae Jensen (t.v.) er prosjektleiar i Tråkk’n’Roll. Her står han saman med engelskmannen Mark McClure på eit stigbyggarkurs i Nesbyen.
Lars Wraae Jensen (t.v.) er prosjektleiar i Tråkk’n’Roll. Her står han saman med engelskmannen Mark McClure på eit stigbyggarkurs i Nesbyen.
Mange kjem til Hallingdal for å utforske dei mange stigane og løypene som finst her. Dette biletet er frå Nesbyen.
Mange kjem til Hallingdal for å utforske dei mange stigane og løypene som finst her. Dette biletet er frå Nesbyen.
Med sykkelen kan ein ikkje berre køyre ned bratte lier. Med sykkelen kan ein utforske stigar djupt inn i skogen.
Med sykkelen kan ein ikkje berre køyre ned bratte lier. Med sykkelen kan ein utforske stigar djupt inn i skogen.

Planane vart raskt knytt opp til prosjektet «Nesfjella til sentrum» som skal binde hyttefelta tettare til Nesbyen. For å organisere arbeidet med stigen, er det oppretta ei stifting kalla «Stiftelsen Norges flotteste sykkelopplevelse». Stiftinga skal sørge for bygging og drift av stigen til allmenn bruk.

I februar i år vart det gjeve klarsignal til at Nes kommune kan starte arbeidet med reguleringsplanen. Samstundes vart det kjent at dei i same område arbeider med eit frivillig vern av skog. Går alt etter planen, vil sykkelstigen ligge i eit område med vernestatus. I løpet av 2018 er det håp om at reguleringsplanen er klar og at alle grunneigaravtaler er på plass. Då kan oppstart bli i 2019. Kostnadsramma er førebels på like i underkant av ti millionar kroner, og det store anleggsarbeidet som må gjerast inneber mellom anna mykje bruk av helikopter. Då kan det kanskje bli opning av sykkelstigen i det same arealet som i si tid vart planlagd som verdscupløype i utfor i 2020.

Draumen om Hågeberg lever framleis i Nes.

Ingen region i Norge har satsa meir på sykkel enn Hallingdal siste fire åra. Resultata viser seg.   

I LØPET AV 2018 vil det vere bygd sykkelstigar og parkar i nesten alle kommunar. 

Dei første av årets byggearbeid starta i midten av mai i Nesbyen. 

– Det blir bygd endå meir i år enn i fjor. Budsjettet er 50 prosent større. Sju-åtte mann vil vere i arbeid heile sommaren og ut september, seier prosjektleiar i Tråkk ’n’ Roll, Lars Wraae Jensen. 

TRÅKK ’N’ ROLL vart starta vinteren 2015. 

Det er dei seks kommunane i Hallingdal som eig prosjektet. Regionrådet for Hallingdal sikra oppstarten med ei løyving på 300.000 kroner. I 2016 fekk prosjektet 600.000 kroner i støtte frå regionrådet og Buskerud fylkeskommune. Satsinga heldt fram i 2017 med 200.000 frå regionrådet og 600.000 frå fylkeskommunen. I 2018 aukar partane desse støtta. Regionrådet gir no 300.000 mens fylkeskommunen gir 800.000. Sommaren 2017 gav Sparebankstiftelsen Hallingdal tre millionar kroner til utvikling av sentrumsnære sykkeltilbod.

– I tillegg til dette kjem pengar frå fjellregionprosjektet og tippemiddel kommunane sjølve søkjer om. Næringslivet yter også stadig meir. Hallingdal er samla sett den regionen som satsar hardast på sykkel akkurat no, seier Wraae Jensen. 

DÅ SYKKELSATSINGA vart lansert vinteren 2015, måla turistnæringa og kommunane med brei pensel. 

Sykling skulle løfte sommarturismen i Hallingdal, og regionen skulle bli blant verdas leiande destinasjonar for sykling. I prosjektets fyrste fase vart alle moglegheiter kartlagt. Frå Sveits kom Darko Cazin og Claude Balsiger frå Allegra Tourismus våren 2015. Dei konkluderte med at alt låg til rette for å få til mykje. 

– Terrenget her berre skrik terrengsykkel. Men Hallingdal saknar gode og enkle stigar. I dag er dei ikkje klare for å ta imot eit stort volum av turistar, sa dei.

Derfor vart stigbygging førande for vegen vidare. Skulle stigane, som fram til då ikkje heldt internasjonale krav, utviklast vidare, måtte det utdannast stigbyggarar med kunnskap og kompetanse. For stigbygging er vitskap når stigane skal vere berekraftige. I dag har

Tråkk ’n’ Roll eit utdanna lag, eller «trail crew» som dei heiter, som bygger i heile regionen. 

– Nytt av året er at me har to «trail crews». Og gjennom prosjektet har me skapt eit grunnlag av stigbyggarar kommunane kan dra nytte av, seier Wraae Jensen. 

OM HALLINGDAL når  målet om å bli ein leiande sykkeldestinasjon, kan ingen si sikkert i dag. 

Men fleire føresetnader ligg til grunn for den store sykkelsatstinga i Norges største reiselivsregion. Natur og fjell, sjølvsagt. Men ein av dei viktigaste føresetnadene for å lukkast, er at Hallingdal ei årrekkje har hatt gryande terrengsykkelmiljø bygd opp av entusiastar.

Nesbyen Freeride har sidan 2012 bygd opp Nesbyen til eit reisemål for utforsykling og enduro. Golsfjellet med grenseområda til

Valdres blir av mange rekna som eit sykkeleldorado. I Ål står Hillbilly Huckfest fram. Geilo har også ligge langt framme. Årleg blir det selt 100.000 syklar i Norge, og internasjonalt er det til dømes mange fleire syklistar enn skiløparar. Syklistar ser meir og meir mot Norge også.

– Dette er eit langsiktig arbeid. Det tek ikkje fire år. Det me har gjort i løpet av desse åra er ein start, seier Wraae Jensen.

BÅDE KOMMUNAR OG NÆRINGSLIV har etter kvart sett verdien av å satse på sykkel. 

I Hemsedal er det foreslått ei storstilt satsing til fleire millionar kroner dei neste åra. På Geilo investerer hotelleigar Pål G. Gundersen kring Vestlia Resort. I Ål er ein masterplan for sykkel på veg. 

I år skal det også settast i gang byggearbeid i Totteskogen i Hemsedal for ei familievennleg rundløype. Det kjem ein asfaltpumptrack i Gol. Den kjem som ei forlenging av arbeidet som vart gjort i 2017. Då opna sykkelparken i Hallingdal feriepark i Ål, og i september opna løypa Trytetrøkket ved Trytetjern i Nes. På Geilo vart det sett i gang med å bygge ferdigheitspark ved Vestlia Resort. Wraae

Jensen meiner det i løpet av Tråkk’n’Rolls første fire år er skapt eit grunnlag for vidare utvikling.

– Me har aldri hatt eit kilometermål når me bygger. Det er heller kvalitet. Og i løpet av 2018 vil me ha mange fine arenaer me håpar mange ser verdien av. Me er godt på veg.