Det vart ein jamn kamp på Hallingmo i siste serierunde.
Det vart ein jamn kamp på Hallingmo i siste serierunde.

Drama til siste sekund då HFK kjempa om andreplass

HFK hadde sigeren mot Mjøndalen 2 i lomma, men fekk eit straffespark i mot i 90. minutt.

HFK - Mjøndalen 21 - 1 (1-0)

- Utruleg surt å miste sigeren slik på slutten, sukkar HFK-målskårar Jørgen Hesla Berget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart ein jamn kamp på Hallingmo sundag. Mjøndalen 2 hadde dei fleste sjansane, mellom anna to stolpeskot og ein bom på opent mål. Men det var HFK som skåra først. I det 40. minutt sette Hesla Berget inn 1 - 0 til heimelaget. 

Andre omgang vart ein stillingskrig der Mjøndalen pressa på for utlikning. I det kampen gjekk mot slutten såg det ut som HFK skulle få med seg alle tre poenga, men i det 90. minutt fekk bortelaget straffe. Den satte dei sikkert i mål bak HFK-målvakt Jarle Stanes. 

Dermed vart det poengdeling på Hallingmo. 

Jørgen Hesla Berget sette inn 1 - 0 til HFK i det 40.minutt.
Jørgen Hesla Berget sette inn 1 - 0 til HFK i det 40.minutt.
Jarle Stanes gjekk riktig veg, men måtte sjå at ballen susa inn i nettmaskane.
Jarle Stanes gjekk riktig veg, men måtte sjå at ballen susa inn i nettmaskane.

- Det var kjedelig med straffe i mot heilt på slutten, men når ein ser kampen under ett var nok uavgjort eit greit resultat, seier trenar Jan-Erik "Jansen" Torberg. 

Kaptein Alfred Scriven spelte ein solid kamp og var sjølvsagt skuffa etter at sigeren glapp. Men han er godt nøgd med seongen. 

- Me har spelt bra og var ikkje langt unna opprykk, seier han. 

Serieleiar Åssiden vann ein solid siger med 4- 0 mot botnlaget Konnerud, så straffesparket heilt mot slutten vart ikkje avgjerande.