Bøkko opna bra
Håvard Bøkko opna VM-helga i Calgary med fjerdeplass.
Sverre Lunde Pedersen vart beste nordmann med tredjeplass og ny personleg rekord på laurdagens 500-meter i allround VM i Calgary. Berre fire tidelar etter gjekk Håvard Bøkko i mål med tida 35.88. Det heldt til ein fjerdeplass.
Canadiske Antoine Gèlinas-Beaulieu tok fyrsteplassen med tida 35.53, 20 hundredelar føre Patrick Roest på andreplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
På 5000-meteren seinare same kveld vart derimot motstanden for stor for Bøkko. Holingen enda på 20.-plass med tida 6:29.43.
Patrick Roest tok fyrsteplassen med tida 6:08.27, 55 hundredelar føre Sven Kramer på andreplass. Sverre Lunde Pedersen tok nok ein tredjeplass med tida 6:10.10.
Sundag kveld/natt norsk tid er det klart for dei siste distansane – 1500 og 10.000 meter.