Bøkko og Norge langt bak
Det norske laget nådde ikkje opp på sundagens lagtempo.
Håvard Bøkko gjekk saman med Sverre Lunde Pedersen og Kristian Reistad Fredriksen på det norske laget. Ingen av løparane har hatt eit optimalt meisterskap på dei lange distansane, og dei var langt unna medaljar på lagtempoen. Nederland har dominert VM, og tok gullet to sekund føre USA med Russland på bronseplass.
Tung 10.000
Laurdag gjekk Håvard Bøkko 10.000 meter, men allereie tidleg i løpet vart det klart at Bøkko ikkje kunne hamle opp med korkje parkamerat Bob de Jong eller sølvmedaljøren Jorrit Bergsma og Jonathan Kuck på bronseplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tida 13,23,70 skremmer ingen i dette sirkuset, men det er truleg at Håvard Bøkko tidleg i løpet innsåg at det berre var å kome billigast mogleg til mål. Det såg i alle fall slik ut.
Resultat 10.000 meter
1. Bob de Jong, Nederland 12,53,91.
2. Jorrit Bergsma, Nederland 12,57,71.
3. Jonathan Kuck, USA 13,12,66
4. Moritz Geisreiter, Tyskland 13,21,10.
5. Håvard Bøkko, Norge 13,23,70.