Bøkko må ofre 1500 meter i VM
Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen må stå over 1500 meteren i VM fordi løpet går same dagen som lagtempo.
Skøyter: Denne helga startar ein hektisk månad for skøyteløparane frå Hol.
Frå torsdag til sundag er det VM på enkeltdistansar i Kolomna i Russland. Der er Håvard Bøkko og Hege Bøkko med i den norske troppen på 11 løparar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Får ikkje gå 1500
Meisterskapet startar med 10.000 meter i dag, torsdag. Fordi milløpet går fyrste dagen, må Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen stå over opningsdistansen.
Verre er det at Norges to beste løparar også må stå over 1500 meteren fredag sjølv om begge har potensial til å kjempe i toppen på den distansen.
Årsaka er at 1500 meter og lagtempo går same dagen. Landslagsleiinga har bestemt at Håvard og Sverre skal prioritere lagtempo fordi medaljesjansen er størst der.
Dermed blir 5000 meter laurdag einaste individuelle distanse for Bøkko og Lunde Pedersen i dette meisterskapet.
Løpsprogrammet under VM har fått sterk kritikk frå mange nasjonar.
Hege Bøkko går 1000 meter fredag, 500 meter laurdag og er reserve på 1500 meter sundag.
Bøkko og Rukke i sprint-VM
Også i sprint-VM i Sør-Korea blir det to holingar i aksjon. Der får Hege selskap av Christoffer Fagerli Rukke.
Verdenscupløpa i Stavanger gav Norge ekstra kvoteplassar. Norge stiller med tre damer og tre menn i meisterskapet som går i Seoul 27. og 28. februar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den norske troppen:
Kvinner: Hege Bøkko, Hol. Martine Ripsrud, Stange. Ellen Bjertnes, Geithus.
Menn: Espen Aarnes Hvammen, Eidsvold Turn. Håvard Holmefjord Lorentzen, Fana. Christoffer Fagerli Rukke, Hol.
Henrik til junior-VM
Henrik Fagerli Rukke har også to internasjonale meisterskap å sjå fram mot.
Norges raskaste juniorløpar skal gå World Cup-finale for junior i Changchun i Kina 5. og 6. mars, og junior-VM på same arena ei veke seinare.
For seniorløparane blir den internasjonale skøytesesongen avslutta med VM all round i Berlin fyrste helga i mars og World Cup-finale i Heerenveen 13. og 14. mars.
Fem hallingar til LM