Stian Bogar er klar for Kongelaget på Lesja.
Stian Bogar er klar for Kongelaget på Lesja.

Bogar gjorde jobben

Stian Bogar skaut hundre poeng på finaleomgangen frå skive 13 i Kongelaget.

Skyting: - Det gjekk heilt greitt, meinte Hovet og Hol-skyttaren etter at han leverte 100 poeng på omgangen torsdag kveld.

Med 245 poeng i siste lag onsdag ettermiddag la Bogar grunnlaget for ein plass i Kongelaget. Men frå skive 13 skulle mykje klaffe for at han reiste heim med kongetittel. Han gjorde jobben med 100 poeng og fire sentrumstiar, men vart til slutt nummer 13.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konge frå skive 1

På dei tre fyrste skivene låg tre mann med 248 poeng som utgangspunkt. To av dei, Esten Skårild (Heim/Hemne) og Daniel Sørli (Høland/Bjørkelangen), skaut begge 100 poeng, men med flest sentrumstiarar vart det Sørli sin dag i Målselv. Skårild tok prinsetittelen, og Hans Kristian Wear (Styrvoll) vart nummer tre med 347 poeng.

Frå det siste finalelaget før Konge- og prinsesselag, skaut Terje Svarteberg (Geilo) også 100 poeng. Med 344 poeng skaut geilingen seg kraftig opp på listene, Til slutt vart han nummer 15 av 1300 skyttarar som hadde kjempa om topplasseringane i klasse 3-5.

Prinsessekampen

Marit Hefte (Hovet og Hol) og Marianne Stigen (Rælingen, tidl. Gol) hadde begge kvalifisert seg til prinsesselaget, med 244 og 243 som utgangspunkt.

Med 96 og 97 poeng på finaleomgangen, var dei til slutt eit stykke bak prinsessa, Irene Knudsen Bø (Sandar og Sandefjord) med 347 poeng. Hefte vart nummer 123 i stemnet, medan Stigen vart nummer 104.

Finaleklar

Stian Bogar har hatt eitt godt stemne i Målselv.

Tysdag vart han beste skyttar under samlagsskytinga, torsdag vart han tredje beste skyttar då Hovet og Hol vart nummer tre i lagskytinga, før han sikra 13.plassen på baneskytinga.

Og stemnet er ikkje over for høværingen. Fredag er han klar for stangfinale, etter 15.beste resultat, med 24 treff på den innleiande skytinga tidlegare i veka.