Banerekord i Trondheim
Rukkebrørne dominerte under norgescupstemnet på skøyter.
Skøyter: Medan landslaget er i Calgary og førebur verdscupstarten, gjekk resten av noregseliten norgescupstemne i Trondheim.
For fyrste gong på ti år var det stemne på Leangen, og fem hallingar var blant deltakarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
I seniorklassen dominerte Christoffer F. Rukke (Hol) på sprintdistansane. Med to sigrar på 500m og ein på 1000m var han beste senior på Leangen. Rukke opna helga med å setje banerekord på 500m på 36,80. Det var over halvsekundet føre andremann i klassen.
God
På juniorsida var veslebror Henrik F. Rukke i storslag.
Han vann sine distansar, og tidene var også blant dei beste totalt. Med mellom anna 37,08 og 37,30 på 500 meter hadde han vore på pallen i seniorklassen.
Klubbkamerat Kristian Reinton gjekk ein sterk 500-meter, og vart nummer tre i juniorklassen.
Rask
Også Ole Henrik Haugen og Nille Martha Norhaug Faleide (Gol) stilte i Trondheim.
Sist nemnde vart tredje beste kvinne, med to tredjeplassar og to fjerdeplassar på 500- og 1000m. Haugen fekk med seg åttandeplass på 500- og 1500m som sine beste plasseringar.