Vetle Sjåstad Christiansen frå innskytinga før 4 x 7,5 km stafett menn i VM i skiskyting i Nove Mesto i Tsjekkia laurdag. Sundag var det fellesstart.

Christiansen fekk ingen VM-revansj - men ein annan halling hadde ein strålande dag

Vetle Sjåstad Christiansen runda av VM i skiskyting med 8.-plass i Nove Mesto i Tsjekkia. Då var gliset breiare hjå Ole Bjørn Tretterud frå Torpo som hadde smurt skia til sølvvinnaren Rastorgujevs frå Latvia.

Det var høg fart frå fyrste meter i 15 km fellesstart i VM i skiskyting sundag ettermiddag. Saman med dei tre andre frå stafetten laurdag representerte Vetle Sjåstad Christiansen Norge i avslutningsøvinga i VM. Og det var vel ingen som var i tvil om at geilingen vart svært svolten på revansj etter ein tung dag på jobb laurdag. Norge låg då an til å vinne stafetten, men det rakna på siste skyting for Christiansen som straks tok på seg syndebukkstempelet. Då vart sølvmedaljen ein mager trøyst, trass i at Christiansen imponerte i sluttspurten.

Det gjaldt å nullstille hovudet å stille klar til 15 km fellesstart under eit døgn etter. Og det klarte nordmennene: Med fullt hus på siste skyting hadde Johannes Thingnes Bø gullet i lomma på veg ut frå standplass. Tarjei Bø vart nummer fire og Vetle Sjåstad Christiansen nummer åtte. Sturla Holm Lægreid hamna til slutt på 17.-plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den mest fornøgde hallingen etter løpet var nok skismørjaren til den overraskande sølvvinnaren Rastorgujevs frå Latvia, Ole Bjørn Tretterud frå Torpo:

– Vanvitig dag, fytti grisen! Det var stort, alt er mogleg, det beviste me i dag, sa Tretterud til TV2 si direktesending frå VM.

– Heilt vilt!, konstaterte ekspertkommentator Ole Einar Bjørndalen. Han kalla sølvet til Rastorgujevs ei av dei største overraskingane i heile meisterskapen.

Ole Bjørn Tretterud konstaterer at «alt er mogleg» etter å ha smurt ski for sølvvinnaren i avslutningsøvinga i VM i skiskyting.

Slik gjekk løpet for Vetle Sjåstad Christiansen:

I fyrste skyting på 15 km fellesstart vart det éin bom og Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ut frå standplass som nummer elleve.

På andre skyting vart det dessverre to nye strafferundar for geilingen, og han gjekk ut som nummer sytten. Men Christiansen hadde ikkje tenkt å gi opp og køyrde hardt i sporet.

På ei rask tredje skyting vart det fem blinkar rett ned, og håpet levde for Vetle Sjåstad Christiansen som dermed klatra til 7.-plass. 48,4 sekund var han då bak teten, og medaljehåpet vakna til liv.

Men fjerde og siste skyting baud på ein ny bom for geilingen som dermed ramla ned til 9.-plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mål vart Vetle Sjåstad Christiansen nummer åtte, 1:14,09 bak vinnaren.

Sturla Holm Lægreid, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø og Vetle Sjåstad Christiansen i front frå start under fellesstart 15 km menn i VM i skiskyting i Nove Mesto sundag.