Aust møter vest
Hyttefolk på Ustaoset held tradisjonane i hevd. I år vart det arrangert påskeskirenn for 99. år på rad.
Rennet er ein viktig del av påskestemninga for generasjonar av hytteeigarar.
– Det er alltid god stemning og det bidreg til å binde hyttefolka saman, seier Torfinn Eide.
Artikkelen held fram under annonsen.
I år har han hatt vervet som rennleiar.
Stor og liten bakke
Det viktigaste med rennet er likevel å fremje skiglede blant barna. I år var det kring 280 barn som var påmeldt i dei tre greinene det blir konkurrert i.
Konkurransen strekkjer seg over to dagar. Langfredag var det hopp i liten og stor bakke, deretter tevling i slalåmløypa.
Påskeeftan vart det konkurrert i langrenn.
Stor prestisje
Rennet er prega av leik og moro, men det er òg seriøs konkurranse.
Det ber det bugnande premiebordet preg av.
Dei tre beste i kvar klasse får pokal i sølv, og alle som deltek får sølvskei med inngravert namn.
Til stas på peishylla
Påskerennet har også åtte vandrepokalar som det er knytt stor prestisje til.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Å få napp i vandrepokalen gjev respekt. Pokalen blir plassert til stas i familiehytta til påskerennet året etter, seier Eide.
Med og utan skarre-R
Aust møter vest ved Ustaoset. Det gjev grunnlag for prestisjefylte oppgjer mellom dei med og dei utan skarre-R.
Ifølgje Eide er påskerennet i høg grad òg ein konkurranse mellom to landsdelar. I år viste det seg at dei som bur i nærleiken av i Nordmarka, var hakket kvassare i langrennsløypa.
– Det er slik det pleier å vere, innrømmer rennleiaren frå Bergen.
Persa i andre omgang
I stor bakke var det Herman Greve som landa det lengste hoppet i begge omgangane.
Han var likevel ikkje heilt nøgd med eigen innsats etter første omgang. Då han fekk lengdemålarane sin dom, kunne han ikkje tru sine eigne øyro.
– Var det berre 13, 5 meter? I fjor hoppa eg 15 meter. Ja ja, eg skal slå rekorden i neste omgang, sa han.
Og det gjorde han. Med 15,5 i andre omgang persa han og sette bakkerekord i årets hoppbakke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han kunne plassere Ustaoset Vel sin vandrepokal for beste eldste gut i slalåm og hopp på peishylla i familiehytta.
Forvirra i slalåmløypa
– Eg var sjølv med i påskerennet då eg var barn. I dag har eg barnebarn som stiller til start, seier Per Reidar Mortensen som er leiar i velforeininga.
Leiaren i Ustaoset Vel har alltid æra av å vere startar i slalåmrennet for dei yngste barna.
– Eg synest dette er den artigaste konkurransen. Det er alltid nokon som småtassar som blir forvirra og køyrer feil, smiler han.