Alpin heimesiger
Det var hallingar øvst på pallen i tre av fire Super-G-renn i Hemsedal.
Alpint: Onsdag kveld arrangerte Hemsedal to Super-G-renn for damer og herrar.
Med over 60 deltakarar frå fleire ulike nasjonar på start var det eit tøft beite å hevde seg i. I tillegg til dobbeltvinnar Bekkestad på jentesida, var det andre hallingar som gjorde det bra i førjulsrenna.
Artikkelen held fram under annonsen.
I herrerenna opna Tomas Markegård med ein sjetteplass. I rennet etter var han raskast. Hemsedølen vann 16 hundredelar føre Stian Saugestad frå Grong, og parkerte samtlege 101 køyrarar i rennet.
Torsdag og fredag flytta alpinistane seg til svenske Åre. Der vart Oskar Rosberg Vøllo (Hemsedal) nummer to av kring hundre startande. Etter to omgangar var han 37 hundredelar bak fire år eldre Morten Engvoll. Klubbkamerat, Bjørn Brudevoll, køyrde ut i fyrste omgangen.