Håvard Tveito prøver å koma gjennom til medspelarane Peder Romslo (f.v.), Espen Sørlie og Hallgeir Bråten.
Håvard Tveito prøver å koma gjennom til medspelarane Peder Romslo (f.v.), Espen Sørlie og Hallgeir Bråten.

Ål gjekk på eit timålstap

Det vart ingen lystig laurdagskveld for handballherrane til Ål.

Kragerø 2 vart bokstavleg tala to nummer for store for handballherrane i Ål laurdag ettermiddag.

Tabelltoaren stilte med berre sju mann og ingen innbyttarar mot botnlaget i fjerde divisjon, men var suverene likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjekk som frykta, og enda med 38–28 til gjestene.

– Som venta mot det nest-beste laget i serien, sa lagleiar for høvet, Erlend Grubben, til Hallingdølen etter kampen.

Men det såg slett ikkje svart ut gjennom heile kampen.

Lagleiar for høvet, Erlend Grubben, seier eit alvorsord til medspelaraneThomas Skarpås (t.v.), Karl Fredrik Sjølie, Håkon Flaen og Peder Romslo.
Lagleiar for høvet, Erlend Grubben, seier eit alvorsord til medspelaraneThomas Skarpås (t.v.), Karl Fredrik Sjølie, Håkon Flaen og Peder Romslo.

Heimelaget opna godt

Ålingane opna godt, og sytte for ein jamn start på kampen.

Men då me passerte halvvegs i fyrste omgang begynte gjestene å dra ifrå. Fem minutt før pause hadde dei kraftige karane frå Kragerø ei åttemålsleiing.

– Det var bra innsats til tider. Det fyrste kvarteret var bra, men så datt humøret og spelet vart deretter, oppsummerer Grubben.

Til pause stod det 19–13 på resultattavla.

Skåringsraid før slutt

Andre omgang starta meir ampert, og dommarane var raske til å blåse for frikast og utvisingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtvegs i omgangen stod det 29–17.

Båe laga var tydeleg slitne. Mest energi på lager hadde likevel Ål, som verkeleg var i skåringsform mot slutten. Fleire mål på rappen gjorde at det fem minutt før slutt var 33–26. Men karane til Kragerø vakna til att og fekk sikra timålssigeren til slutt: 38–28.

– Dei tek oss på rutinen, men berre vent eit par år, lovar Erlend Grubben.